Jens Andreas Kramer () er ein svensk mellomdistanseløpar som vann sølvmedaljen på 800 meter under europameisterskapen 2018 i Berlin.
Kramer vart svensk meister på 800 meter i 2017 og 2018. Sommaren 2017 sigra han på distansen ved ungdoms-EM i Bydgoszcz i Polen. Den 25. juli 2018 sette han svensk rekord med tida 1.45,03 ved eit stemne i Karlstad. Vel to veker seinare fekk Kramer same sluttida då han under EM i friidrett 2018 overraskande sprang inn til sølv på 800 m, klart slått av polske Adam Kszczot men med god klaring til verdsmeister Pierre-Ambroise Bosse frå Frankrike på tredjeplass.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Andreas Kramer» frå , den 4. juli 2019.
World Athletics
Kategori:Svenske sprintarar Kategori:Svenske mellomdistanseløparar Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2024