Zhang Wenxiu () er ein kinesisk sleggjekastar frå Dalian i Liaoning-provinsen. Ho har vore mellom dei beste sleggjekastarane i verda sidan 2004. Perioden 2007-17 vann Zhang ein sølvmedalje i både VM og Sommar-OL, tre bronsemedalje i VM og ein OL-bronse. Ho sigra i øvinga i asialeikane tre gongar i rad og er to gongar asiameister.
Aktiv Berre 15 år gammal vart Zhang nummer 11 i Edmonton-VM 2001. Etter ein sjuandeplass ved Sommar-OL 2004 har ho alltid vore mellom dei fem beste i sleggjetevlinga under friidretts-VM og sommar-OL. Såleis vann ho bronsen ved VM 2007, Sommar-OL 2008, VM 2011 og VM 2013. Zhang vart asiameister i 2005 og 2009, og ho gjekk til topps i sleggjekasting under asialeikane tre gongar i rad; 2006, 2010 og 2014. Under 2014-leikane i Incheon den 28. september fekk ho opp sitt livs lengste kast på 77,33 meter. Då VM i friidrett 2015 fann stad på kinesisk grunn sikra Zhang seg sølvmedaljen, ein ny sølvmedalje tok ho under dei olympiske sommarleikane i Rio de Janeiro året etter. I begge tevlingane var ho ikkje i nærleiken av å tukte verdseinaren Anita Włodarczyk frå Polen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2001 i Edmonton: Nr 11 – 61,61 m VM 2003 i Paris: Utslått i kvalifiseringa (65,09 m=nr 14) OL 2004 i Aten: Nr 7 – 72,03 m VM 2005 i Helsinki: Nr 5 – 69,82 m VM 2007 i Osaka: Bronsemedalje – 74,39 m OL 2008 i Beijing: Bronsemedalje – 73,42 m VM 2009 i Berlin: Nr 5 – 72,57 m VM 2011 i Daegu: Bronsemedalje – 75,03 m OL 2012 i London: Nr 4 – 76,34 m VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 75,58 m VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 76,33 m, bakom Anita Włodarczyk (80,85 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 76,75 m, bakom Anita Włodarczyk (82,28 m) VM 2017 i London: Nr 4 – 74,53 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zhang Wenxiu» frå , den 5. juli 2019.
World Athletics
Kategori:Kinesiske sleggekastarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kina Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kina Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016