Rambutan (Nephelium lappaceum) er eit tropisk frukttre i lønnefamilien. Det er eit breikrona tre som blir opptil 15 m høgt. Det er nært i slekt med dei liknande fruktene litchi, longan og mamoncillo.
Rambutan stammar frå Malaysia. Det blir dyrka i heile Søraust-Asia for den velsmakande frukta si, som liknar på litchi. Skalet på frukta er raudt, rosa eller gult med lange hår. Fruktkjøtet er gjennomskinneleg og kvitleg eller svært lyst rosa på farge.
Namnet «rambutan» er avleidd av malaysisk rambut, som tyder 'hår'. I Vietnam blir ho kalla chom chom eller vai thieu, på kinesisk shao tzu og på kambodsjansk ser mon eller chle sao mao.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tropisk frukt Kategori:Lønnefamilien Kategori:Tre i Malaysia