Ariadne er ein gresk sogefigur som var dotter av kong Minos på Kreta.

Ariadne blei forelska i den attiske helten Thesevs då han kom til Kreta for å kjempa mot Minotauros. Ho gav han råd om korleis han kunne finna vegen ut av labyrinten (ariadnetråd).

Etterpå tok Thesevs henne med seg bort frå øya, men lét henne så bli igjen på øya Dia (eller Naxos). I ei av sogeformene blei ho så drepen av gudinna Artemis her. Ei anna sogeform fortel at ho blei gift med guden Dionysos.

Den forlatne, sovande Ariadne er ofte blitt framstilt i kunst frå oldtida.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Greske gudinner Kategori:Menneske i gresk mytologi Kategori:Kretisk mytologi