My Child: Lebensborn (på norsk: Mitt barn: Lebensborn) er eit BAFTA-belønna historiedrive simulasjonsspel for Ios- og Android-einingar, utvikla av norske Sarepta Studio og Teknopilot, gitt ut i 2018. I spelet skal ein vere adoptivforelder for eit krigsbarn i Noreg i perioden etter den andre verdskrigen.

Handling Spelet er ei historiedrive gjennomgang av kvardagen til eit sju år gamalt krigsbarn fødd frå Lebensborn-prosjektet, i utgangspunktet bygd rundt Tamagotchi-liknande mekanikkar, der målet er å balansere barnets ulike behov for næring og omsorg. Spelarane adopterar barnet i 1951 då det skal byrje på skule, og konfronterast med ulike situasjonar og beslutningar for å hjelpe det gjennom ulike kapittel i barndomen. I byrjinga av spelet får spelaren valget mellom ein gut, Klaus, eller ei jente, Karin. Spelet informerar i byrjinga og slutten av kvart kapittel om den historiske bakgrunnen for hendingane.

Total spilletid for spillet er om lag fire til fem timer.

Utvikling Spelet er produsert av Teknopilot, med spelutviklingsselskapet Sarepta Studio som co-produsent, som eit ledd i multimedieplattformen Wars Don't End. Utviklarane intervjua norske krigsbarn, og har rådført seg med den norske gruppa Lebensborn Norway. My Child: Lebensborn vart folkefinansiert av 130 000 kroner i ei Kickstarter-kampanje i april 2017, og har også fått ulike støtteordningar frå Norsk filminstitutt på rundt 1,5 million kroner sidan 2015.

Spelet vart gitt ut på engelsk på Frigjeringsdagen 2018, den 8. mai, og i august 2018 vart det presentert på tysk og norsk i samanheng med den tyske spelmessa Gamescom i Köln. September 2018 vart det også tilgjengeleg på japansk.

Meldingar og mottaking 9. juni vart spelet My Child: Lebensborn omtala i den britiske avisa the Guardian som «Game of the Month». I Noreg vart spelet godt motteke, med spesiell skryt for å vere eit spel som bryt ny tematisk mark i dataspel, og for å vere eit hjarteskjærande innblikk i ei mørk tid i norsk historie.

I slutten av mars 2019 vart spelet gjort utilgjengeleg for kjøp for franske, tyske, russiske og austerrikske Android-brukarar.

Den 4. april 2019 vann spelet ein pris i den britiske film- og spel-utdelinga BAFTA for spel som gjer meir enn å underhalde i kategorien «Games Beyond Entertainment».

Referanser

Kategori:Norske dataspel Kategori:Dataspel Kategori:Dataspel frå 2018