Herbie Lovelle () var ein USA-amerikansk trommeslagar, som spelte jazz, R&B, rock og folk. Han var òg studiomusikar og skodespelar.
Onkelen til Lovelle var trommeslagaren Arthur Herbert. Lovelle byrja karrieren sin med Hot Lips Page seint i 1940-åra, og såelte i 1950-åra med saksofonisten Hal Singer, Johnny Moore's Three Blazers og pianisten Earl Hines. Gjennom både Lucky Thompson og Jimmy Rushing i Count Basie's Orchestra, vart han fast trommeslagar i Savoy Ballroom i New York City i det meste av 1950-åra. Han turnerte med tenorsaksofonisten Arnett Cobb og pianisten Teddy Wilson i 1954.
I 1966 var han trommeslagar for TV-showet til Sammy Davis jr..
Lovelle byrja å spele meir R&B i 1950-åra og arbeidde som studiomusikar, ofte med Sam Taylor. Han spelte på album av Bob Dylan (The Freewheelin' Bob Dylan), Pearls Before Swine, Eric Andersen, David Blue, John Denver, Tom Rush, B.B. King, John Martyn (Stormbringer!), Strangeloves, The McCoys og The Monkees. Han fortsette som studiomusikar godt inn i 1980-åra.
Frå 1980-åra og utover arbeidde han mykje som skodespelar, mellom anna i Law & Order (1995–2004). Av filmar han deltok i finn ein mellom anna Bella (2006), Mitchellville (2004) (Sundance), The Rhythm of the Saints (2003), Don't Explain (2002), The Curse of the Jade Scorpion (2001), Down to Earth (2001), Girlfight (2000), Maximum Risk (1996), Getting Away with Murder (1996), White Lies (1996), Bleeding Hearts (1994), The Paper (1994), Running on Empty (1988), Death Wish III (1985), A Man Called Adam (1966).
Diskografi
Med Rusty Bryant Rusty Bryant Returns (Prestige, 1969) Med Buck Clayton Songs for Swingers (Columbia, 1958) Copenhagen Concert (SteepleChase, 1959 ) Med Art Farmer Early Art (New Jazz, 1954) Med Johnny Hodges Blue Pyramid (Verve, 1966) med Wild Bill Davis Med Red Holloway The Burner (Presige, 1963) Med Richard «Groove» Holmes That Healin' Feelin' (Prestige, 1968) Med Lightning Hopkins Goin' Away (Bluesville, 1963) Down Home Blues (Bluesville, 1964) Soul Blues (Prestige, 1964 ) Med Illinois Jacquet Spectrum (Argo, 1965) Med Budd Johnson Budd Johnson and the Four Brass Giants (Riverside, 1960) Med Herbie Mann The Herbie Mann String Album (Atlantic, 1967) Glory of Love (CTI, 1967) Med Buddy Tate Swinging Like Tate (Felsted, 1958) Med Dicky Wells Trombone Four-in-Hand (Felsted, 1959) Med Jimmy Witherspoon Blues Around the Clock (Prestige, 1963) Med John Denver An Evening With John Denver (RCA, 1975)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Herbie Lovell» frå , den 5. april 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske jazztrommeslagar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Musikarar frå New York City Kategori:Afroamerikanske trommeslagarar Kategori:USA-amerikanske rocketrommeslagarar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske trommeslagarar Kategori:Jazzmusikarar frå New York