Sabarmati er ei av dei store elvane som renn vest i India. Ho har opphav i Aravallifjella i Udaipur distrikt i Rajasthan, og renn ut i Khambhatgolfen i Det arabiske havet. Elva har eit løp på 371 km som går sørvestover gjennom Rajasthan og Gujarat. 48 km av elva går gjennom Rajasthan, medan 323 km høyrer til Gujarat.
Byane Ahmedabad og Gandhinagar, høvesvis den kommersielle og den politiske hovudstaden i Gujarat, ligg ved elva. Mahatma Gandhi grunnla ein ashram, Sabarmati Ashram, ved bustaden sin ved breidda av elva.
Sabaramti og bielvane hennar er demde opp fleire stader. Dharoi-demningen på Sabarmati ligg nær Dharoi i Mehsana distrikt nordi Gujarat. Demningen blei bygd i 1978 for å kontrollera vassføring - danna hydroelektrisitet, hindra flaum og bidra til kunstig vatning.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sabarmati River» frå , den 14. mars 2019.
Delar av denne artikkelen bygger på «Dharoi dam» frå , den 14. mars 2019.
Kategori:Elvar i Gujarat Kategori:Elvar i Rajasthan