mini|Pada-puja eller fot-rituale ved kjempestatuen av djain-leiaren Bahubali i Gommateshwara. Pada er eit ord frå sanskrit som bokstaveleg tyder 'fot'. Sanskritordet padá (devanagari पद) har kognatar i gresk pous og latin pes. Omgrepet har fått ei rekkje avleidde tydingar, som trinn, fotavtrykk, spor, merke, versefot, oppdeling, måleining og andre omgrep innan språk, litteratur og religion.
Døme: Pada kan visa til ein måte å lesa Veda-tekstar på der ein innfører klare skilje mellom orda, og ikkje bruker vanlege sandhiovergangar.
Pada kan visa til eit lyrisk dikt sett til musikk, ofte nemnd saman med songtypen bhajan.
Som måleining utgjer ein pada 12 eller 15 fingerbreidder, eller 1/2 eller 1/3 eller 3/7 av ein prakrama.
Ei firedeling av eit heile (som ei bok)
I sanskrit-prosodi er pāda namnet på ein versefot.
I sanskrit-grammatikk viser pāda til bøygde substantiv eller verb.
mini|venstre|Teikning av sri pada eller heilage fotavtrykk frå Japan. Religiøs tyding Innan religion kan pada visa til føter eller fotspor laga av heilage eller guddommelege personar. Innan buddhismen kan ein til dømes snakka om Buddhapada, 'Buddha-fotspor', og innan hinduismen om pāda eller pādamudrā frå gudar. Føtene til den enorme Gommateshwara-statuen, som er særs viktig i djainismen, blir tilbedd dagleg i eit rituale kalla pada-puja.
Fjellformasjonen Sri Pada på Sri Lanka blir kalla Buddha sitt fotspor av buddhistar, Shiva sitt fotavtrykk av hinduar og Adam sitt fotavtrykk av muslimar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pada» frå , den 14. mars 2019.
Bakgrunnsstoff पद] (pada) på Engelsk Wiktionary Kategori:Buddhisme Kategori:Hinduisme Kategori:Ord frå sanskrit Kategori:Foten