Denis Sergejevitsj Spitsov () er ein russisk langrennar frå Vozjega i Vologda oblast. Han vann to stafettsølv og ein individuell bronse under dei olympiske vinterleikane 2018 i Pyeongchang.
Aktiv Spitsov har delteke i verdscupen i langrenn sidan desember 2017. Under renna i Davos kom han då på sjuandeplassen i 15 km fristil. Den 7. januar 2018 fekk han sin fyrste pallplassering i verdscupen, etter som han hadde tredje beste tid på den avsluttande motbakke-etappen i Tour de Ski 2018.
Spitsov markerte seg særleg under Vinter-OL 2018. På tremila vart han nummer fire, slått av dei tre norske utøvarane Simen Krüger, Martin Sundby og Hans Christer Holund. Fem dagar seinare, den 16. februar, gjekk Spitsov inn til bronse på 15 km fristil, ei tevling sveitsaren Dario Cologna vann, med nemnde Krüger få sekund føre Spitsov, og med Sundby på plassen etter. Både den 18. og 21. februar vann Spitsov OL-sølv. Fyrst gjekk han i par med Aleksandr Bolsjunov i sprintstafetten, medan han som ankermann i 4 x 10 km stafett måtte gje tapt for norske Johannes Klæbo i kampen om å vinne OL-gullet.
Vinteren 2019 makta ikkje Spitsov å prestere på same nivå som i OL-sesongen. Han oppnådde likevel å stå på toppen av sigerspallen i verdscupen for fyrste gong, med di han og Russland vann 4 x7,5 km stafett i Ulricehamn i Sverige.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Denis Sergejewitsch Spizow» frå , den 14. mars 2019.
Kategori:Russiske langrennsløparar Kategori:Olympiske meistrar for ROC Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for ROC Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for OAR Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for OAR Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Olympiske utøvarar frå Russland under vinter-OL 2018 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Deltakarar for ROC under vinter-OL 2022 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2022