mini|Barbra Ring fotografert av Ernest Rude i 1920, etter at mannen, oberst Ragnar Rosenquist, døydde. Barbra Mathilde Ring () var ein norsk forfattar. I dag vert ho kanskje best hugsa for novella «Ittno' knussel», juleforteljinga om den rike, bryske og varmhjarta enka Marte Svennerud.
Familie Barbra Ring var dotter av Ole Ring og Thora Augusta Ravn. Ole Ring var dotterson av forfattaren Hanna Winsnes. I 1890 gifte Barbra Ring seg med Thorvald August Kirsebom. Dei fekk dottera Gerda Ring saman i 1891. I 1902 vart ekteparet skilt, og i 1917 gifta Barbra Ring seg på nytt med Ragnar Rosenquist.
Litterær karriere Ho debuterte i 1904 med Babbens dagbok. Boka bygde på eigne barndomsminne. Ho vart godt motteken som ei historie sett med barneauge - eit brot med den moraliserande barnelitteraturen i samtida. Ring skreiv barnebøker, bøker for «unge piger» og romanar for vaksne. Ho var òg bidragsytar til ei rekkje utgåver av årboka Humør. I Nytt norsk forfatterleksikon vert forfattarskapen hennar for vaksne karakterisert som «en lang rekke romaner og fortellinger fra østnorsk storgårds-liv, de fleste uten noen varig verdi». I Norsk biografisk leksikon står det derimot at forfattarskapen hennar er ujamn, men at «de beste er både gripende og troverdige psykologisk sett og interessante på grunn av sine formeksperimenter». Barnebøkene hennar om Peik og Fjellmus har uansett fått eit lengre liv enn vaksenromanane. I hennar eiga samtid vart bøkene til Ring omsette til ei rekkje språk.
Ho var styremedlem i Den norske Forfatterforening og frå 1929 litteraturkritikar i Nationen.
Bibliografi mini|Rædharen av Barbra Ring. Utgjeve av Det Mallingske bogtrykkeri, Kristiania (1913). Boka inngår i Hadeland Folkemuseums samling. Kjelde: www.digitaltmuseum.no
Babbens Dagbog, 1904 Tertit, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1905 Lillefru Tertit, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1906 Anne Karine Corvin, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1907 To Aar efter, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1908 (oppfølger til "Anne Karine Corvin") Fnugg, 1909 Da Peik skulde gjøre sin Lykke, 1910 Riebes paa Star, 1910 Peik, 1911 Fra Hanna Winsnes' Prestegaard, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1911 Billet mrk. "286". En Fortælling om en ung Pige, 1911 Den rette, 1912 Den kjærligheten, 1913 Rædharen, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1913 Jomfruen, 1914 Før kulden kommer, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1915 Under seil, 1916 Veien, 1917 Fjeldmus og andre fortællinger, illustrert av Severin Segelcke, 1918 Vildbasser og andre Fortællinger. Rædharen, 1919 Guldkappen, 1919 To, 1920 Mennesket Fernanda Nissen, Det norske arbeiderpartis forlag, 1921 Kredsen, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1921 Søstre, 1922 Kongens hjerte. Eventyrspil for barn, 1922. Oppført på Nationaltheatret En mand, 1923 Unge fruer, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1924 Vi fraskilte barn. Ved et av dem, 1924 For hundrede Aar siden. Hanna Winsnes og Hendes., H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1924 Vi som vandrer, 1926 Kvinde, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1927 Den gang da jeg var Pige, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1928. Selvbiografi om barndomsårene. Lille-Mette, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1928 Minder og smaa bekjendelser, 1929 Nu, 1930 Eldjarstad, 1931 Et år gikk rundt, 1932 Elven strømmer, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1933 Jolle, 1934 Chansen, 1934 Leken på Ladeby, 1936 Leken blir liv, 1937 Marcus Gjøgs medaljong, Aschehoug, 1938 Farlig start, H. Aschehoug & co. (W. Nygaard), 1939 Sånn er Norge, 1940 Mellom venner og fiender, Aschehoug, 1947
Udaterte utgjevingar En ny og sørgelig vise om Lille Marianne. Cabaretviser Melodi av Jean Rollon.
Artiklar av Barbra Ring (utval) Boken om ekteskapet. Publisert i Samtiden. Tidsskrift for politik, litteratur og samfundsspørsmaal. 39. årgang, 1928 Stefan Zweig. Publisert i Samtiden. Tidsskrift for politik, litteratur og samfundsspørsmaal. 42. årgang, 1931
Omsetjingar Maria Stuart. Billede av en gjennemsnittskarakter av Stefan Zweig; oversatt fra tysk, utkommet i 1933 Kork & co. av Rudyard Kipling; oversatt fra engelsk, utkommet i 1929
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Barbra Ring» frå , den 27. september 2018.
Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Gravlagde på Vestre gravlund