Einar Wilhelm Böckmann Rose () var ein norsk skodespelar, songar og regissør som var viktig for norsk revyliv. Han var verksam ved revyteateret Chat Noir i Oslo gjennom fleire år, mange av dei som kunstnarisk leiar. Rose var kjend for å bruka folkeleg Oslo-dialekt, både i revysamanheng og som skribent.
Liv og virke
Bakgrunn Rose vart fødd i Normannsgata 5 på Kampen i Kristiana som son av typografen Jacob Rose (1871–1939) og Anna Benedicte Böckmann (1868–1953). Han voks opp på Kampen. Han var soneson av skillingsviseforleggaren Theodor Rose.
I 1937 gifta han seg med Irene Lium (1907–1989).
Artist mini|Einar Rose opna Rosekjellaren, ein populær restaurant og nattklubb under og bak revyteateret Chat Noir i Oslo, i 1937.
Som ung arbeidde Rose mellom anna med å selja konfekt på Kongshavn bad og i Dovrehallen og var statist på friluftsscenen på Norsk Folkemuseum. Han hadde nokre roller i operetter før han debuterte som solist i revyen Regnbuen på Mayol i 1925. Året etter vart han tilsett på Chat Noir. Han fekk raskt eit stort namn. I 1927 debuterte han som grammofonartist på merket Odeon, og gjorde òg her stor suksess.
Mange tidlege innspelingar vart gjorde i Berlin og var av det romantiske slaget der stemma til Rose gjorde seg. Mellom dei romantiske songane kan nemnast «Pike fortell meg et eventyr» og «Mon Ami (Det er ingen som deg)». Saman med Steinar Jøraandstad og Tore Foss inngjekk han i trioen The Black Cat Singers som var med på å introduserte dei amerikanske jazzmelodiane i tida. mini|Chat Noir Grammofonkarrieren til Rose blomstra i heile mellomkrigstida, mellom anna med slagerar som «Nå går'n på gummisåler», «Karl Johan og jeg», «Serru serru», «Sol ute sol inne...», «Ja, det er rart med natur'n» og «Orker ikke det». I 1940 fekk han ein ny hit med «Tante Pose-vals».
I 1960 framførte han «Bestefarvalsen (Se, der danser bestefar)» frå 1932 på NRK Fjernsynet, og songen fekk dermed ny popularitet.
Totalt vart det meir enn 300 innspelingar; den siste plata vart spelt inn i 1973.
Rosekjelleren I si tid vart Rose òg identifisert med Rosekjelleren, ein utestad han dreiv i kjellaren under Chat Noir frå 1937. Staden er omtalt i songen «Den feite mannen» av deLillos.
Skribent og forfattar På 1950- og 1960-talet gjorde Rose seg merka som sarkastisk, sjølvtitulert «societetsredaktør», eller iblant «særkorrespondent», i Aftenposten. Skriftspråket hans var likt talespråket. Den særeigne teiknsetjinga og ortografien gjorde han òg bruk av i sjølvbiografien Rose-boka (1941)< og petitsamlinga En rose uten torner (1964), som var illustrert av Ulf Aas.
Roseboka byjar slik:Jeg siger med dikteren: «Han var i sin ungdom . . .» Nei, skal nå også han skrive bok nå, da. Hvorfor det, da? Nei, De kan så si. De kan så si. Men hvorfor i all verden skulle jeg være den eneste som ikke skriver bok, da? Hvis De ikke vil les'a, så kan De jo bare la væra å kjøp'a.Med det har De jo øyensynlig alt gjort siden De sitter me'a i hanna.Å. Har'i bare lånt'a. Ja, da er'e jo mest synd på han De har lånt'a a. For han ser vel aldri den boka igjen.
Prisar og utmerkingar Einar Rose vart i 1963 utnemnd til æresborgar av Drøbak. Drøbak var bysentrum i kommunen Frogn, der Rose budde fram til han døydde i 1979.
I 2001 gav Posten Norge ut eit frimerke med eit portrett av Einar Rose som motiv, som del i ein serie frimerke med norske revystjerner. Portrettet til Rose var teikna av Finn Graff.
Filmografi (utval)
1926 – Den nye lensmannen 1933 – I kongens klær
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Einar Rose» frå , den 27. september 2018.
Bakgrunnsstoff
Store norske leksikon - Einar Rose (utdypning) NRKs artistportrett sendt 27. januar 1968
Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Gravlagde på Vestre gravlund Kategori:Folk frå Oslo