Mentz Schulerud () var ein norsk skribent, kulturarbeidar og kåsør.
Liv og virke Schulerud var fødd i Kristiania (no Oslo), og voks opp i Hedmark og på Lillehammer. Han vart Cand.mag. i 1941, og arbeidde som hjelpelærar ved Oslo tekniske skole og ved Universitetet i Oslo.
Frå juni 1944 var han redaktør for den illegale avisen Hjemmefronten. Den 14. september 1944 ble han arrestert på grunn av denne virksomheten. Han sat som fange på Møllergata 19 i Oslo frem til 8. desember 1944, då han vart overført til Grini. Han sat i fangenskap frem til okkupasjonsmakta kapitulerte 8. mai 1945.
I 1946 vart han tilsett i NRK. Han var teatersjef ved Oslo Nye Teater 1962–1967 og redaktør for det litterære tidsskriftet Vinduet 1959–1963. Han var styreleder i Norsk Teaterlederforening, Kunstnerforeningen, Riksmålsvernet og Logens venner, og hadde òg verv i Riksmålsforbundet og Det Norske Studentersamfund.
Prisar og utmerkingar Schulerud var riddar av St. Olavs Orden. I [ vart han utnemnd til statsstipendiat. Han mottok St. Hallvard-medaljen i 1989. I 1996 vart han tildelt æresprisen «Bypatrioten» av Oslo Byes Vel. Han fekk òg Purpurneseordenen i Kunstnarforbundet, og var æresmedlem av Filologisk forening.
Familie Schulerud var son av Mentz Schulerud og Aagot Schulerud (1875–1957), bror av Anne-Cath. Vestly og, gjennom dottera si Ingrid Schulerud, svigerfar til Jens Stoltenberg.
Han er gravlagd på Vestre gravlund.
Bøker Fra krambod til magasin (1947) Ole Bull (1960) Norsk kunstnerliv (1960) Wergelandsveien (1960) Nordmenn i København (1963) Piberne og Pigerne i Vika (1963) Kongeriget Norges Herligheder (1967) Hafslund gods – Fra Otte Bildt til M. G. Rosenkrantz (1974) Kongevei og fantesti (1974) På Grand i 100 år. 1874 – 1974. (1974) Barn i Oslo (1981) Iduns epler (1982) Akershus i dikterens speil (1991)
Høyrespel O, vidste du bare! (1954),
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mentz Schulerud» frå , den 27. september 2018.
Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske teatersjefar Kategori:Gravlagde på Vestre gravlund Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Riksmål Kategori:St. Hallvard-medaljen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Statsstipendiatar