Trans World Airlines (TWA) er eit tidlegare hovudflyselskap i USA. Det hadde knutepunkt i St. Louis, New York (JFK) og Kansas City. Flyselskapet var i verksemd frå 1930 til det vart kjøpt opp av American Airlines i 2001. Før oppkjøpet var TWA eit av dei største innanriksflyselskapa i USA, med flygingar frå St. Louis (og i nokon mindre grad frå JFK) til dei fleste større byar i USA. Dei hadde òg eit større nettverk av materuter til mindre byar i Midtvesten. TWA hadde òg eit godt utbygd rutenett til Europa og Midtausten. Desse rutene gjekk i all hovudsak frå JFK.
Sjå òg Howard Hughes jr..
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Trans World Airlines» frå , den 21. september 2018.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nedleggingar i 2001 Kategori:Skipingar i 1930 Kategori:USA-amerikanske flyselskap Kategori:Tidlegare flyselskap