Kringkastingsselskapet A/S var eit privat norsk radioselskap som vart etablert med faste radiosendingar 29. april 1925 i Oslo. Selskapet starta likevel testsendingar allereie 15. desember 1924, og sidan faste prøvesendingar i februar 1925, då Handelsdepartementet gav selskapet konsesjon til å kringkasta. Konsesjonen gjaldt først i ein radius på 150 kilometer rundt Oslo. Dei neste åra fekk Kringkastingsselskapet løyve til å senda i ei rekkje norske byar, men i 1933 vart kringkasting i Noreg nasjonalisert, og selskapet vart innlemma i den statlege kringskastaren NRK. Eit av #den kjende programma til radiokanalen var Laurdagsbarnetimen, som starta opp 20. desember 1924.

Om selskapet Kringkastingsselskapet heldt til i Brørne Hals Pianofabrik i Stortinggata 24–26 i Oslo. Per Mathias Jespersen var tilsett som disponent, medan Gunnar Nygård var fullmektig i kontrollen.

Utover i 1920-åra etablerte Kringkastingsselskapet kontor i andre norske byar. Selskapet fekk konsesjonar for sending i Hamar, Fredrikstad, Rjukan, Porsgrunn og Notodden allereie i 1926, utvida til Ålesund 1927, vidare til Stavanger, Trondheim og Kristiansand (under Julius Hougen og Olaf Benneche) i 1930, og dessutan Bodø i 1931.

I 1933 nasjonaliserte og monopoliserte den norske staten all radiokringkasting i landet, og Kringkastingsselskapet vart innlemma i den nye, statlege allmennkringkasteren Norsk rikskringkasting. Lokalane i Stortinggata 24–26 var i bruk fram til etter andre verdskrig, då NRK flytta til nye lokale på Marienlyst i Oslo.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kringkastingsselskapet» frå , den 22. september 2018.