Howard Robard Hughes jr. () var ein amerikansk pilot, ingeniør, industrimann, filmprodusent og filmregissør som også var kjend som ein playboy, eksentrikar og ein av dei rikaste i verda. Han er berømt for å ha sett ei rekkje fartsrekordar i lufta, for å ha bygd Hughes H-1 Racer og Hughes Hercules H-4-flya, der sistnemnde vart bygd for å frakta amerikanske stridsvogner over Atlanteren, for å ha produsert filmane Luftens dæmoner, Den fredløse og Scarface, som er basert på gangsteren Al Capone, og for å ha kjøpt opp og utvida Trans World Airlines (TWA) og mangedobla verdien av selskapet.
I 1938 gjennomførte han ei jorda rundt-flyging med ein Lockheed Syp Electra og sette ny rekord på 3 dagar, 19 timar og 17 minutt. mini|venstre|Hughes som «Årets mann» i Time.
Livet hans vart portrettert av Leonardo DiCaprio i Martin Scorseses film The Aviator frå 2004.
Filmografi (utval)
1932 – Scarface 1930 – Luftens dæmoner
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Howard Hughes» frå , den 21. september 2018.
Bakgrunnsstoff
The Howard Hughes Corporation. Welcome Home Howard – Ei samling fotografiar frå biblioteka til UNLV.
Kategori:USA-amerikanske filmprodusentar Kategori:USA-amerikanske flygarar Kategori:Folk frå Houston