mini|Kontoret i Berlin.

Verfassungsschutz (forfatningsvern) er den føderale og statlege tryggingstenesta for innanriks politisk overvaking i Tyskland. Ettersom Tyskland er ein føderasjon, består Verfassungsschutz av både eit føderalt byrå (Bundesamt für Verfassungsschutz) og i stor grad uavhengige enkeltbyrå som opererer i kvar enkelt delstat, kalla Landesämter für Verfassungsschutz.

Oppgåver Den viktigaste oppgåva til Verfassungsschutz er å overvaka organisasjonar som vert vurdert som ein trussel mot det «frie demokrati» og tysk tryggleik. Den direkte årsaka for skipinga av tenestene var den kommunistiske trusselen under den kalde krigen.

Sjølv om Verfassungsschutz brukar alle typar overvakingsteknologi og infiltrasjon, baserer han for det meste sin informasjon på publikasjonar frå organisasjonane som vert observert. Informasjonen vert samla inn i årlege rapportar, kalla Verfassungsschutzberichten, som er tilgjengeleg for allmenta; truleg vert det òg gjeve meir detaljerte og løynlege rapportar til regjeringa.

Verfassungsschutz har inga politistyresmakt; når dei får informasjon er dei avhengig av politiet eller statsadvokatane for å forfølgja straffbare tilhøve.

Det er den sitjande regjeringa – anten føderalt, eller i den enkelte delstaten – som avgjer kva for nokre organisasjonar som skal overvakast. Dette fører til at partiet Die Linke berre vert overvakt i dei delstatane der partiet CDU regjerer.

Organisasjonane Verfassungsschutz overvakar kan delast inn i fire hovudgrupper:

Venstreekstremistar Høgreekstremistar (inkludert partiet NPD) Utanlandske ekstremistorganisasjonar i Tyskland (hovudsakleg muslimske ekstremistar) Scientologi (verdsett av tyske styresmakter som ein autoritær, antidemokratisk kommersiell organisasjon, og ikkje som ein religion)

Nokon av Verfassungsschutz-byråa har òg andre oppgåver, som vern av regjeringsrelatert informasjon, overvaking av løynlege tenester i utlandet, og av organisert kriminalitet.

Presidentar 1950–1954: Otto John 1955–1972: Hubert Schrübbers 1972–1975: Günther Nollau 1975–1982: Richard Meier 1983–1985: Heribert Hellenbroich 1985–1987: Ludwig-Holger Pfahls — han forsvann i juli 1999, og vart arrestert i Paris i 2004 på grunn av tiltaler om korrupsjon i samband med eit våpensal til Saudi-Arabia medan han var statssekretær i Forsvarsministeriet i Kohl-regjeringa på 1990-talet. Korrupsjonstiltala vart seinare fråfalli. 1987–1991: Gerhard Boeden 1991–1995: Eckart Werthebach 1995–1997: Hansjörg Geiger 1997–2000: Peter Frisch 2000–2012: Heinz Fromm 2012–2019: Hans-Georg Maaßen 2019– : Thomas Haldenwang

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Verfassungsschutz» frå , den 11. juni 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Etterretningstenester Kategori:Tyske styresmakter