Gentesting eller DNA-testing er teknikkar nytta til å finna særskilde variantar i DNA-sekvensar eller kromosom-strukturar. Dei kan også måla resultat av genetiske endringar, som RNA-analyse som resultat av genuttrykk, eller gjennom biokjemisk analyse for å måla spesifikk proteinproduksjon. I medisinsk samanheng kan slike testar nyttast til å setja diagnose eller utelukka moglege genetiske sjukdommar, føreseia risiko for særskilde tilstandar eller gje informasjon som kan nyttast til å tilpassa medisinsk behandling basert på individuelle genetiske eigenskapar. Getesting kan også nyttast til å slå fast biologisk slektskap, som dei biologiske foreldra til eit barn, eller nyttast til å slå fast den breiare avstamminga til et individ. I tillegg til å testa menneske kan ein også gentesta dyr og plantar med liknande føremål, til dømes for å slå fast avstamming/slektskap eller føreseia/diagnostisera genetiske lidingar, for å få informasjon ein kan bruka i avl, eller for å auka genetisk mangfald i truga populasjonar.

Sjå òg Biologisk arv og genetisk arv

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Genetic testing» frå , den 27. desember 2023.

Kategori:Biologi Kategori:Gen