mini|Malayarkipelet, tidligere også kalt Malaysia Malayarkipelet viser til øyane i Søraust-Asia, tidlegare også kalla Ostindia, dei austindiske øyane, Malaysia eller Malaisia.Navn på stater og en del viktigere landområder. Skrivemåten av utenlandske geografiske navn, Oslo: Cappelen, 1932, s. 26.

Nemninga «Malaysia» kom i bruk på 1800-talet.Geelmuyden, I.: Lærebog i Geografien til Skolebrug, Christiania: Malling, 1851, s. 408ff.Geelmuyden, I.: Geografi for Begyndere, 3. utgave, Christiania: Malling, 1856, s. 131f.Daa, Ludvig Kr.: Udtog af Geografien, 5. utgave, Kristiania: Abelsted, 1875, s. 151. Namnet blei lagt fram av den franske utforskaren Jules Dumont d'Urville, som i eit føredrag i Société de Géographie i Paris i 1831 føreslo å dela Oseania inn i fire delar: Polynesia, Mikronesia, Melanesia og Malaysia, det vil seia øyane vest for Ny-Guinea.Lansdown, Richard (red.): Strangers in the South Seas. The Idea of the Pacific in Western Thought, Honolulu: University of Hawaii Press, 2006, s. 219. med til Malaysia rekna ein Sundaøyane, med dei store Sundaøyene Java, Borneo, Sumatra og Sulawesi, Dei små Sundaøyane frå Bali til Timor og Molukkane og Filippinane. Seinare er også Malayahalvøya teken med, ettersom ein rekna område der det budde malayisktalande folk, i området mellom Bak-India, Ny-Guinea og Australia, med til Malaysia.Familieboka. 4: G-Instinkter, 2. utgave, Oslo: Aschehoug, 1950, s. 527.

Namnet Malaysia blei i 1963 teke i bruk av forbundsstaten Malaysia, som bestod av område på Malayahalvøya og Borneo.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Malayarkipelet» frå , den 11. juni 2018.

Kategori:Øygrupper i Asia Kategori:Malaysisk geografi Kategori:Indonesisk geografi Kategori:Filippinsk geografi