__NOTOC__ Zosterornis er ei biologisk slekt med fem artar av sporvefuglar i brillefuglfamilien, Zosteropidae. Slekta er endemisk for Filippinane.

Skildring Zosterornis-brillefuglar er 13-15 centimeter i kroppslengd, har ei olivenfarga overside og kremgul til gul underside. Hos fire av artane er undersida streka. To av artane har kvit ring rundt augo, «brille». Dette er dei to artane på øya Luzon, rustmaskebrillefugl og luzonbrillefugl. Dei andre tre artane er isolerte på kvar si øy, høvesvis Panay, Negros og Palawan.

Habitat for desse artane er skog, gjerne over 1000 moh., men luzonbrillefuglane lever under 1000 moh. Føda er ei blanding av vegetabilsk og animalsk og kan inkludere insekt, edderkoppar, frø og små frukt eller bær.

Arten negrosbrillefugl er klassifisert som sterkt truga av IUCN fordi han lever på eit særs avgrensa område på øya der avskoging pågår. Populasjonen er estimert til mellom 600 og 1700 individ.

Tre av dei fem artane blei skildra første gongen i siste halvleiken av 1900-talet, panaybrillefugl så seint som i 1990.

Artslista Zosterornis i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Rustmaskebrillefugl, Zosterornis whiteheadi, Chestnut-faced Babbler, Ogilvie-Grant, 1894, (LC)

Luzonbrillefugl, Zosterornis striatus, Luzon Striped-Babbler, Ogilvie-Grant, 1894, (NT)

Panaybrillefugl, Zosterornis latistriatus, Panay Striped-Babbler, Gonzales & Kennedy, 1990, (NT)

Negrosbrillefugl, Zosterornis nigrorum, Negros Striped-Babbler, Rand & Rabor, 1952, (EN)

Palawanbrillefugl, Zosterornis hypogrammicus, Palawan Striped-Babbler, Salomonsen, 1961, (NT)

Kjelder Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Brillefuglfamilien Kategori:Fuglar i den orientalske regionen Kategori:Fugleslekter