«Silly Love Songs» er ein song skriven av Paul McCartney og Linda McCartney og framført av Wings. Songen kom ut i 1976 på albumet Wings at the Speed of Sound. Songen vart gjeven ut som singel i 1976, med B-sida «Cook of the House». Songen vart skriven som eit svar til musikkritikarar som skulda McCartney for berre å skrive «dumme kjærleikssongar» og «sentimentalt kliss», og hadde òg element av disco.McCartney: Songwriter s. 152

Utgjeving Den amerikanske singelen vart gjeven ut den 1. april 1976 og låg fem veker på rad på toppen av Billboard Hot 100. «Silly Love Songs» vart òg rangert øvst på årslista til Billboard for 1976. Det var òg den andre av tre songar gruppa hadde på toppen av Easy Listening-lista. Singelen selde til gullplate i USA for meir enn ein million selde eksemplar. Billboard rangerte òg «Silly Love Songs» som den beste av alle singlane Paul McCartney gav ut på Hot 100. I 2008 vart songen rangert på 31. plassen på lista over dei beste songane på Billboard-lista gjennom tidene. I Storbritannia kom singelen ut 30. april 1976 og nådde andreplassen på UK Singles Chart.

Songen var den 27. førsteplassen til McCartney som låtskrivar, som var ny rekord for ein låtskrivar. Med denne songen vart McCartney den første personen som hadde førsteplassar på ei Billboard-årsliste som medlem av to forskjellige band. Dei første på ei slik liste var «I Want to Hold Your Hand» i 1964 og «Hey Jude» i 1968.

«Silly Love Songs» har sidan kome ut på mange samlealbum av McCartney.

Andre innspelingar I 1976 gav Wings ut eit konsertopptak av «Silly Love Songs» for det triple konsertalbumet Wings Over America. I 1984, tre år etter Wings var oppløyst, spelte Paul McCartney inn «Silly Love Songs» for filmmusikkalbumet til Give My Regards to Broad Street.

Salslister

Vekeslister Liste (1976)PlasseringAustralia Kent Music Report20Canada RPM 100 Singles1Japan Oricon Chart66

Årslister Liste (1976)PasseringCanada RPM 100 Singles10UK23US Billboard Hot 100«Pop Singles» Billboard 25. desember 1976: Talent in Action-61US Billboard Easy ListeningTop 50 Adult Contemporary Hits of 197633

All-time-liste ListePasseringUS Billboard Hot 10036

Medverkande Wings Paul McCartney – solovokal, bass Linda McCartney – korvokal, klaverinstrument Jimmy McCulloch – sologitar Denny Laine – korvokal, rytmegitar Joe English – trommer

Andre musikarar Tony Dorsey – trombone Thaddeus Richard – saksofon Steve Howard – trompet Howie Casey – saksofon

Andre versjonar I 1977 spelte den walisiske songaren Shirley Bassey inn songen på albumet hennar You Take My Heart Away. I 1978 framførte den britiske popsongaren Greg Bonham songen på ein konsert i Moskva som kom ut på eit album (Melodiya ?60–11121-2). I 1995 spelte det amerikanske rockebandet The Replicants inn songen på albumet Replicants, med Maynard James Keenan på vokal. I 1996 framførte Red House Painters songen på albumet deira Songs for a Blue Guitar. Wings-medlemmet Denny Laine spelte inn «Silly Love Songs» på albumet sitt Wings at the Speed of Denny Laine. I 1998 spelte den amerikanske songaren Stevie B inn ein versjon for albumet sitt Right Here, Right Now. I 1999 gav den newzealandske gruppa Ardijah ut ein R&B-versjon av songen. Denne toppa den newzealandske singellista i ei veke de 14. februar 1999. I 2001 song Nicole Kidman og Ewan McGregor songen i «Elephant Love Medley» i filmen Moulin Rouge! I 2011 vart songen nytta i ein episode av Glee. Songen vart framført av Darren Criss (som speler Blaine Anderson). I 2015 spelte John Pizzarelli inn songen på albumet sitt Midnight McCartney.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Silly Love Songs» frå , den 21. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Wings-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Songar om musikk Kategori:Discosongar Kategori:Funksongar Kategori:Shirley Bassey-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Nicole Kidman-songar Kategori:Ewan McGregor-songar