Karl Anthony Green () er ein engelsk låtskrivar, musikar og bassist, mest kjend som bassist og korvokalist i det britiske 60-talsbandet Herman's Hermits, med Peter Noone.

Green var med å skrive fleire av songane til bandet og var ein kapabel musikar, men vart likevel stundom erstatta av studiomusikarar på dei seinare innspelingane til Herman's Hermits. Green spelte likevel på mange av dei mest kjende innspelingane til bandet. Green gav seg i bandet i 1980 for å gjere andre ting enn musikk.

I seinare år har han spelt med sitt eige band, The Karl Green Band.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karl Green» frå , den 19. mars 2018.

Kategori:Engelske bassistar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Herman's Hermits-medlemmar