«Mrs. Brown, You've Got a Lovely Daughter» er ein populær song skriven av den britiske skodespelaren og låtskrivaren Trevor Peacock. Han vart opphavleg sungen av skodespelaren Tom Courtenay i The Lads, eit britisk fjernsynsteaterstykke i 1963, og gjeve ut på singel i Storbritannia på Decca.

Den mest kjende versjonen av songen er av Herman's Hermits, som tok songen til toppen av den amerikanske Billboard Hot 100 i mai 1965 og til toppen av hitlista i Canada månaden før. Singelen debuterte på 12. plassen på Hot 100 - den tredje høgaste debuten det tiåret etter The Beatles sine «Hey Jude» og «Get Back».”Billboard Hot 100 Charts – The Sixties/The Seventies”, Record Research Inc, 1990 Hermits gav ikkje ut songen på singel i Storbritannia. Bandet tenkte aldri på songen som ein singel og i alle fall ikkje ein song som kunne nå toppen av hitlista.

Alvin and the Chipmunks spelte inn songen for i 1965 for albumet Chipmunks à Go-Go.

Songen vart spelt inn av Nellie McKay i 2015 på albumet hennar My Weekly Reader.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mrs. Brown, You've Got a Lovely Daughter» frå , den 20. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Herman's Hermits-songar Kategori:Songar produserte av Mickie Most Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Songar frå 1963 Kategori:MGM Records-singlar Kategori:Alvin and the Chipmunks-songar Kategori:The Beau Brummels-songar Kategori:Connie Francis-songar