«Silhouettes» er ein song gjort kjend av doo-wop-gruppa The Rays i 1957. Ein konkurrerande versjon av The Diamonds vart òg ein suksess. I 1965 nådde Herman's Hermits femteplassen med songen på den britiske hitlista og i 1990 var han på tiandeplassen for Cliff Richard.
The Rays-versjonen
I mai 1957 såg låtskrivaren Bob Crewe eit par gjennom ei rullegardin medan han sat på eit tog. Han gjorde om biletet til ein song. Frank Slay, som eigde det vesle plateselskapet XYZ med Crewe, skreiv tekst, og kort tid etter hadde dei ein heil song.
Songen fekk eit gjennombrot då den populære, lokale radioverten Hy Lit sovna etter å ha plassert ei rekkje plater i platespelaren. Den siste i rekkja var «Silhouettes», og songen vart repetert til han vakna. Han byrja å spele songen på showet sitt. Songen vart populært nok til at Cameo-Parkway ønskte å distribere songen nasjonalt, og han klatra til slutt til tredjeplassen på båe R&B Best Sellers-lista og Billboard Top 100, og nådde femteplassen på både sals- og radiolista. Det var den einaste topp 40-hitten til bandet.
The Diamonds-versjonen
Den kanadiske popgruppa The Diamonds, som hadde suksess med versjonar av andre doo-wop-songar, spelte raskt inn sin versjon av songen. Dei brukte til og med den same B-sida på singelen som The Rays hadde gjort, «Daddy Cool». Versjonen deira vart mykje spelt på radio, og nådde topp 10 på Billboard-lista, men ikkje salslista, og nådde berre 60. plassen på Top 100.Joel Whitburn, Top Pop Singles 1955-1999 (Menomonee Falls, WI: Record Research, 2000), 176.
The Four Seasons-versjonen
I 1963 spelte The Four Seasons inn songen på albumet kalla Ain't That A Shame And Twelve Others.Frankie Valli and Co. STATESIDE (UK) (Veejay) SL 10042 From June 1963 (Mono)
Herman's Hermits-versjonen Herman's Hermits spelte inn songen i 1965 etter å ha høyrt songen på amerikansk Armed Forces Radio. Han nådde toppen av den kanadiske RPM-lista. Det var den tredje hitten under «den britiske invasjonen» av USA og nådde femteplassen på Billboard Hot 100 og tredjeplassen i Storbritannia. Informasjon frå Peter Noone og andre indikerer at gitaristen Vic Flick spelte på songen, og ikkje Jimmy Page som ein tidlegare trudde.
Cliff Richard-versjonen
Cliff Richard gav ut eit konsertopptak av songen på singel i 1990. Denne nådde tiandeplassen på UK Singles Chart. Det var den første singelen hans frå albumet From a Distance: The Event. Singelen og albumet vart spelte inn i høve to konsertar Richard heldt i høve 30-årsjubileet hans som plateartist.
Salslister Liste (1990)PlasseringIreland (IRMA)13
Andre versjonar
Andre artistar som har spelt inn «Silhouettes» er
Steve Gibson and the Red Caps Frankie Lymon The Alley Cats The Nylons The Crests — The Crests Sing All Biggies (1960) Santo & Johnny - ein instrumentalversjon i 1964 for albumet In the Still of the Night. Shades Bob Dylan og The Band — The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete (spelte inn 1967, gjeven ut 2014) Dennis Brown — Money in My Pocket: Definitive CollectionJohnson, Christopher. Dennis Brown: The 'Crown Prince' Of Reggae, National Public Radio. 26. april 2010. Henta on 2010-04-26. Claude François song han på fransk med same tittel.
Sha Na Na framførte songen på Woodstockfestivalen i 1969.
The Ronettes gav ut ein versjon av songen i 1965 på albumet The Ronettes featuring Veronica.
Doo-wop-gruppa The Silhouettes (kjend for hitten «Get A Job») vart kalla opp etter songen.
I følgje John Lennon var The Beatles-songen «No Reply» (1964) inspirert av «Silhouettes».
Songen finst i Broadway-musikalen Jersey Boys.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Silhouettes (The Rays song)» frå , den 20. mars 2018.
Kategori:Songar frå 1957 Kategori:Doo-wop-songar Kategori:Herman's Hermits-songar Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Songar skrivne av Bob Crewe Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Songar produserte av Bob Crewe Kategori:Songar skrivne av Frank Slay Kategori:Cameo Records-singlar Kategori:Connie Francis-songar Kategori:The Ronettes-songar Kategori:The Four Seasons-songar Kategori:Paul Anka-songar Kategori:Sha Na Na-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Santo & Johnny-songar Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:The Band-songar