Concerto in B Goode er eit studioalbum av Chuck Berry, utgjeve i 1969 av Mercury Records. Tittelsporet er ein lang instrumental som interpolerer mange tema som Chuck Berry spelte i den klassiske perioden frå 1957 til 1962 og tar opp heile B-sida av albumet med ei lengd på kring 18 minuttar. Tittelen referer til den delvis sjølvbiografiske songen «Johnny B. Goode».

Albumet fekk særs god kritikk i Rolling Stone då albumet kom ut i 1969, og det vart skrive at Berry var tilbake i storform: «Meisteren er attende igjen og denne gongen har han kome opp med eit album som verdt ryktet hans.»Platemelding i Rolling Stone - 1969

Dette var det siste albumet Berry gav ut på Mercury. Året etter var han attende hos Chess Records, der han hadde vore mykje av karrieren sin.

Innhald

Medverkande Chuck Berry – gitar, vokal Kermit Eugene Cooley – bassgitar Dale Gischer – trommer Billy Peek – gitar, munnspel, klaverinstrument, tamburin

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Concerto in "B Goode"» frå , den 7. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Chuck Berry-album Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Mercury Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av Chuck Berry