Nicolay Nicolaysen () var ein norsk antikvar og arkeolog frå Bergen. Han var den leiande antikvaren i Noreg i eit halvt hundreår og er særleg kjend for for granskingane av norsk byggjekunst i mellomalderen. I 1880 leia han dei arkeologiske utgravingane som avdekte Gokstadskipet.

Nicolay Nicolaysen var son til kjøpmann Lyder Nicolaysen og tok juridisk embetseksamen i 1841. I 1844 vart han medlem i den nystarta Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers bevaring. Sju år seinare vart han formann i foreininga, og frå 1860 var han tilsett som antikvar og rådgjevar ved Kyrkjedepartementet med spesielt ansvar for fortidsleivningar i Noreg.

Nicolaysen var mykje aktiv og leia gjennom tiåra hundrevis av utgravingar, fyrst og fremst av gravhaugar og -felt. Særleg kjend var han for sine granskingar av Munkeliv kloster ved Bergen, Mariakyrkja i Oslo, Borrehaugane og Gokstadhaugen i Vestfold. Elles deltok han mellom anna i restaureringa av Nidarosdomen i Trondheim og Håkonshallen på Bergenhus. Nicolaysen stod også bak opprettinga av Kunstindustrimuseet i Oslo. Han var ein viktig pådrivar då den gamle Tegneskolen vart omorganisert til ein tidsmessig kunsthandverkskule.

Utvalde verk «Mindesmerker af Middelalderens Kunst i Norge». «Norske Stiftelser» (1-5). «Norske Magazin» (1-3). «Norske Bygninger fra Forntiden» 1-3, 1860-80. «Norske Fornlevninger», 1861-66. «Langskipet fra Gokstad». «Kunst og Haandværk fra Norges Fortid», 1881-95.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958 Denne artikkelen bygger på «Nicolay Nicolaysen» frå , den 8. juli 2017.

Kategori:Norske arkeologar Kategori:Folk frå Bergen