Anders Lund Lorange () var ein norsk jurist og arkeolog frå Halden.

Lorange vart student i 1865 og cand.jur. i 1872. Frå 1874 til han døydde i 1888 var han tilsett som den fyrste arkeologen ved Bergens Museum.

Allereie i 1866 hadde Lorange gjort utgravingar i Østfold og 1869-70 granska Raknehaugen i Ullensaker. Han undersøkte Åkerfunnet på Vang i Hedmark i 1873 og Myklebustskipet på Nordfjordeid i 1874. Gravhaugen til Kong Bele ved Balestrand fekk han restaurert i 1884 og i 1886 gjorde han omfattande utgravingar av Storhaug ved Karmsundet. I 1887 var han innom Rønstadhelleren på Lepsøya.

Lorange var formann i Bergens-avdelinga av Fortidsminneforeningen i den tida ein nærma seg ei ferdig restaurering av Håkonshallen, og han var sentral i atterreisinga av Fantoft stavkyrkje i 1883.

Lorange fekk med åra bygt opp ei stor og viktig privat samling av oldsaker, ei samling Universitetets Oldsaksamling i Oslo overtok.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anders Lorange» frå , den 8. juli 2017.

Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1957

Kategori:Norske arkeologar Kategori:Folk frå Halden