Berner August Berntsson Skeibrok () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Lista.
Skeibrok var son til ein gardbrukar. Sjølv var han i 1900/01 elev ved Kystartilleriets underoffisersskule i Kristiansand før han reiste til Nord-Amerika. Åra 1907-12 dreiv han eiga forretning i Brooklyn i New York. Han reiste i 1912 tilbake til Lista, der han slo seg ned som gardbrukar i Kjørrefjord.
Frå 1916 var Skeibrok medlem i Lista heradsstyre, ordførar 1925-31 og på ny i 1948. Han var også forlikskommissær, medlem i liknings- og overlikningsnemnda og hadde elles fleire andre kommunale tillitsverv i Lista herad.
Skeibrok representerte i tida 1931-45 valkrinsen Vest-Agder og partiet Høgre på Stortinget, heile tida var han medlem i Landbrukskomiteen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ordførarar i Lista Kategori:Høgreordførarar i Vest-Agder Kategori:Folk frå Farsund