mini|Gunnar Knudsen var statsminister i Noreg under heile fyrste verdskrigen. Noreg under fyrste verdskrigen var nøytralt, og måtte gå ein ofte vanskeleg balansegang mellom krava til dei krigførande maktene og sine eigne forpliktingar som nøytral stat. Sjølv om landet ikkje deltok i verdskrigen i 1914–1918, lei Noreg likevel stor skade på menneskeliv og materiell gjennom senkinga av norske handelsskip. Over 2000 nordmenn omkom på havet under krigen. Gjennom heile krigen vart landet styrt av statsminister Gunnar Knudsen.
Noreg i åra før krigen mini|Den tyske keisaren Wilhelm II var ofte på vitjing i Noreg i åra før første verdskrigen. Like før krigsutbrotet var han i landet på cruise. Her er han saman med kong Haakon VII. Noreg hadde fyrst vorte eit sjølvstendig land i 1905, men sjølv etter dette hadde landet ikkje eigenleg ført nokon sjølvstendig utanrikspolitikk. Fyrst og fremst ynskte ein å sikra norsk sjølvstende og unngå utanrikspolitiske vanskar. Til dømes vedtok den norske regjeringa å halde seg utanfor Nordsjøtraktaten, sjølv om denne direkte gjaldt norske interesser. Men under den andre marokkokrisa i 1911 vart det klårt at òg det avsidesliggande Noreg kunne koma til å trekkast inn i storpolitikken. Då den britiske finansministeren Lloyd George under krisa retta ei kraftig åtvaring mot Tyskland, trekte den tyske høgsjøflåten seg uventa inn i dei norske fjordane.Keilhau (1927), s. 1–3.
Desse hendingane gjorde det klårt at nøytraliteten til Noreg kunne koma til å krenkjast dersom det braut ut krig. Dessutan vart det tydeleg at ein kunne risikere at tilførsla frå utlandet kunne verte broten av. Noreg var nemleg svært avhengig av tilførslar frå utlandet, særleg av korn og kol. Det norske militæret gjorde difor for greie for behovet av ei opprusting av det norske forsvaret. I dei siste åra før krigsutbrotet vart det òg drive ein del agitasjon i pressa for å styrka forsvaret. Stortinget gav pengar til kjøp av to nye panserskip, og våren 1914 vart tenestetida for vernepliktige utvida frå eit halvt til eitt år.Keilhau (1927), s. 3–4.
Sjølv om enkelte stemmar åtvara mot ein kommande krig mellom stormaktene i Europa, var stemninga blant folk flest optimistisk heilt fram til berre nokre dagar før krigsutbrotet. Òg statsminister Gunnar Knudsen, som hadde danna si andre regjering i 1913, meinte at den utanrikspolitiske himmelen var skyfri, slik han heldt fram i ei berømt tale i februar 1914. Og då krigen fyrst braut ut, meinte dei fleste at han ikkje kunne koma til å vara lenge.
For tiden er den politiske himmel verdenspolitisk sett skyfri i en grad som ikke har vært tilfelle på mange år. Statsminister Gunnar Knudsen, februar 1914.Vogt (1938), s. 17.
Sumaren 1914 vart lenga hugsa for det gode vêret. Samstundes var det 100 år sidan riksforsamlinga på Eidsvoll, eit jubileum som vart feira med ei stor utstilling på Frogner i Kristiania. I juli var det ein stor regatta på Kristianiafjorden.
Krigsutbrotet
Panikken Den austerrikske tronfølgaren vart myrda 28. juni 1914, men denne hendinga vekte ikkje mykje uro i Noreg. Fyrst etter Austerrike-Ungarn si krigsfråsegn til Serbia 28. juli byrja ein å merka panikken. Frå 31. juli var det stor uro på børsane, og kornprisane skaut kraftig i vêret. Store menneskemengder stod utanfor Noregs Bank i Kristiania for å veksla inn setlar i gull. Det vart hamstra mat og andre varer i butikkane.Keilhau (1927), s. 11–19.
Norsk nøytralitet mini|Kong Christian X av Danmark, kong Gustav V av Sverige og kong Haakon VII av Noreg på balkongen under trekongemøtet i Malmö i 1914 Når det gjaldt tilhøvet til dei krigførande maktene, var det sjølvsagt at Noreg skulle vera nøytralt. Sverige og Danmark hadde same haldning. Alt 29. juli tok den svenske ambassadøren i Kristiania, Fredrik Ramel, initiativ til eit svensk-norsk samarbeid, som leidde til ei felles norsk og svensk nøytralitetsfråsegn av 8. august 1914.Keilhau (1927), s. 21. Seinare kom Danmark med i samarbeidet, som førte til trekongemøtet i Malmö i desember 1914. I løpet av krigen skulle det fleire gonger haldast møte mellom kongane og utanriksministrane i dei tre landa.
Norsk nøytralitet skulle visa seg å verte vanskeleg å balansera i løpet av fyrste verdskrigen, og som eit resultat har Noreg ofte vorte omtalt som den nøytrale allierte.
Åtgjerda til regjeringa mini|Folk tilknytte Statens Provianteringskommisjon.
I slutten av juli 1914 var statsminister Gunnar Knudsen på segltur, og rakk ikkje attende til hovudstaden før seint 2. august. Den fyrste åtgjerda til regjeringa vart difor teken utan han i statsrådet 2. august. Då lét regjeringa innkalle nøytralitetsvernet, og ein la grunnlaget for den økonomiske politikken til regjeringa under krigen. For å få orden i pengetilhøva under panikken vart setelinnløysinga til Noregs Bank stansa 4. august. Dessutan vart det innført ein månads moratorium for pengekrav. For å sikre statfinansane vart det teke opp to dyre statslån i Storbritannia og i USA.Keilhau (1927), s. 31.
For å sikre tilførsla av forsyningar vart det innført utførsleforbod for ei rekkje varer, og det vart gjeve høve til å innføre maksimalprisar. Ein provianteringskommisjon vart sett ned for å leia provianteringspolitikken. Denne kommisjonen innførte maksimalprisar på varer som korn, mais, kaffi, sukker, kol, koks, olje og bensin. Maksimalprisane vart likevel avskaffa etter at panikken hadde lagt seg utover hausten 1914. Det vart òg oppretta ein komité for arbeidsløyse, fordi ein frykta auka arbeidsløyse, men denne frykta viste seg å vera grunnlaus.Keilhau (1927), s. 36–37.
Noreg var heilt avhengig av skipssambandet med utlandet. Ved krigsutbrotet gjekk likevel alle norske skip i hamn, fordi det vart risikabelt å segle, og det var for dyrt å forsikre skipa mot krigsskadar. Regjeringa sette difor ned ein krigsforsikringskomité, som føreslo ei gjensidig, men tvinga forsikring av norske skip. Krigsforsikringa vart oppretta ved lov av 21. august 1914, og førte til at norske skip snart kunne gå ut igjen og oppretthalde skipssambandet til Noreg gjennom heile krigen.Keilhau (1927), s. 32–35.
Regjeringa innkalla straks Stortinget, som kom saman 8. august og vart sitjande i nokre veker for å godkjenne regjeringas forslag til til åtgjerder. I pressa vart det teke til orde for å danne ei samlingsregjering i staden for Knudsen si Venstre-regjering, men dette vart avvist av Venstre.
Noreg sitt tilhøve til dei krigførande maktene mini|Dei krigførande og dei nøytrale statane i Europa Etter kvart som krigen trekte i langdrag, vart det vanskelegare for Noreg å halde seg fullstendig nøytralt. Noreg var nemleg avhengig av tilførslar frå både Tyskland og Storbritannia, og ynskte å handle med både to. Samstundes var det i interessa til dei krigførande maktene at Noreg handla så lite som mogleg med motparten. I byrjinga av 1915 innførte Tyskland sperring av Nordsjøen, medan Storbritannia på sin side innførte blokade av Tyskland. Dermed kom kontrabandeavgjerdene og folkeretten til å stå sentralt. Kva for varer kunne norske skip i eigenskap av nøytrale frakte fritt omkring på havet? Storbritannia, som kontrollerte hava, var tilbøyeleg til å hevde ein temmeleg brei definisjon av kva som var kontrabande, til protestar frå Noreg og andre nøytrale land.
Blokaden til Storbritannia førte i praksis til at Noreg vart heilt avhengig av vestmaktene, sidan det var dei som kunne skaffe dei fleste av dei varene Noreg trong. For å få importere varer frå vestmaktene, måtte norske firma gå med på vilkår om ikkje å selja til Tyskland. Desse uoffisielle avtalene vart kalla bransjeavtalene. Ordninga førte til at Noreg vart forsynt med varer, men var til stor skade for tilhøvet til Tyskland, sjølv om regjeringa formelt ikkje hadde noko med dei å gjera.
Fiskepolitikken Blokaden til vestmaktene førte til matmangel i Tyskland. Tyskarane var difor særs interesserte i å kjøpe norsk fisk. I det første krigsåret kjøpte dei all den fisken dei kom over i Noreg, slik at det vart høgkonjunktur for det norske fisket. Men Storbritannia freista snart å hindre dette salet, fyrst og fremst ved å truga med å stanse tilførsla av kol og olje. Dei norske styresmaktene gjekk då med på å la britane kjøpe fisken i staden for tyskarane. Våren 1916 kjøpte dei opp 70–80 % av den norske produksjonen.Vogt (1938), s. 58–62. Men i lengda ynskte ikkje britane å kjøpe fisk dei ikkje trong til marknadsprisar. 5. august måtte Noreg gå med på ei løynleg fiskeavtale, som kravde at den norske regjeringa innførte eksportforbod for norsk fisk. Til gjengjeld skulle Storbritannia kjøpe all norsk fiskeproduksjon til faste prisar. Då avtala vart kjend, vekte ho stor forarging i Tyskland.
Kopareksporten og kolforbodet I tillegg til fisk ynskte Tyskland å kjøpe norsk koparkis og svovelkis, som dei trong til ammunisjonsfabrikkane sine. Samstundes var Noreg heilt avhengig av raffinert kopar, og marknaden for dette var kontrollert av Storbritannia. Noreg måtte difor i august 1916 gå med på koparavtala og etter usemje om ordlyden i denne avtala Rio Tinto-avtala av oktober 1916. Noreg innførte eksportforbod for koparkis og svovelkis, og for å dekka importen av raffinert kopar måtte norsk kis seljast gjennom det britisk-spanske selskapet Rio Tinto. Avtala stridde mot lovnader Noreg tidlegare hadde gjeve Tyskland, og førte til ei rekkje diplomatiske vanskar. 2. januar 1917 innførte Storbritannia forbod mot eksport av kol til Noreg, ei vare Noreg var heilt avhengig av. På omtrent same tid innførte tyskarane sin uinnskrenka ubåtkrig, og det såg ut som om tilhøvet til Tyskland ville verta kraftig forverra. Men 23. januar 1917 lukkast det å inngå ei handelsavtale med Tyskland, samstundes som Noreg 14. februar gav etter for kravet til Storbritannia. Dermed vart kolforbodet oppheva 17. februar.Keilhau (1927), s. 153–78.
Spionasje
Tilhøvet til Tyskland vart òg forsura av fleire store spionasjesaker, som òg bidrog til å vende opinionen mot sentralmaktene. Den største av desse var Rautenfels-affæra i 1917, då det vart oppdaga eit stort bombelager på Grünerløkka i Kristiania, og den tyske diplomatkureren baron von Rautenfels vart avslørt som ansvarleg. Tyske agentar vart mistenkte for å spionere på tyske handelsskip eller for regelrett sabotasje. Tysk etterretningsteneste nytta det nøytrale Noreg som ein kanal for spionar og meldingar inn og ut av Storbritannia. Ved fleire høve vart òg nordmenn rekrutterte som spionar, det mest kjente tilfellet var målaren Alfred Hagn. Tyskarane hadde òg agentar som heldt auge med skipstrafikken i norske hamner, særleg etter at Tyskland erklærte uavgrensa ubåtkrig i 1917. Britane hadde likevel òg agentar i Noreg, som førte kontroll med norske firma.Vogt (1938), s. 130–140.
Norsk deltaking Rundt 15 000 menn og kvinner frå Noreg deltok i dei militære styrkane til dei krigførande landa eller på sjukehusa. Ved fronten var det stort sett menn som deltok i kamphandlingar, medan norske kvinner arbeidde som legar eller pleiarar på sjukehusa bak fronten. Nokon av dei arbeidde for Raude Kross.Dette er kvinnene som deltok under første verdenskrig, Aftenposten, 11.09.14
Den norske handelsflåten og den uinnskrenka ubåtkrigen mini|«Bergensfjord» og «Lyngenfjord», som segla med nøytralitetsflagg, i 1916. mini|Minnehallen over dei omkomne sjøfolka utanfor Stavern, innvigd i 1926.