Kjell Gunnar Finstad () er ein norsk bedrageridømt forretningsmann og tidlegare gründer i m.a. oljebransjen. Investeringsselskapet hans, Norex, der han var dagleg leiar og einestyrar, gjekk i 2002 konkurs med krav i buet på 363 millionar kroner. Ifylgje revisor si sluttberetning beløp dei melde bruttokrava i buet seg til 820 millionar kroner. I 2010 vart han dømt for grov økonomisk utruskap, brot på straffelova, verdipapirhandelslova, regnskapslova og aksjelova.Dagens NæringslivNettavisaNettavisa Han slapp likevel å sona bedrageridommen i fengsel, fordi etterforskningen tok så lang tid.Hegnar.no Fire styremedlemmar, som alle er i familie med Finstad, auka formuane sine med over 150 millionar kroner rett før konkursen i 2002.Dagens Næringsliv. I etterkant av konkursen vart òg Ernst & Young granska for sin revisjon av Finstads selskap.NA24.no

Finstad åtte ei periode Ekebergrestauranten i Oslo.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kjell Gunnar Finstad» frå , den 11. juni 2017.

Referansar

Kategori:Folk som er nemnde i Panamapapira Kategori:Norske forretningsfolk