John Malecela () er ein tanzaniansk politikar som var visepresident og statsminister i Tanzania samstundes frå 1990 til 1994, under president Ali Hassan Mwinyi. Frå 1995 til 2007 var han nestleiar for regjeringspartiet Chama cha Mapinduzi (CCM), og er framleis medlem i sentralkomiteen i partiet. Han var den permanente representanten frå Tanzania til FN mellom 1964 og 1966, og i 1967 var han den tanzanianske ambassadøren til Etiopia og Organisasjonen for afrikansk eiskap (OAU). Frå 1972 til 1973 var han utanriksminister i Tanzania.
Malecela har utdanning i handelsverksemd frå University of Bombay og University of Cambridge, og fekk eit æresdoktorat frå University of Texas i 1977.
Kategori:Tanzanianske visepresidentar Kategori:Tanzanianske statsministrar