Svend Aadnesson Løge () var ein norsk rekneskapsførar frå Time i Rogaland som representerte kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland på Stortinget 1925-27. Han var vald for Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.

Løge var son til ein gardbrukar. Han gjekk ut av amtsskulen 1887 og tok eksamen ved Kristiansands underoffisersskule i 1890. Frå 1891 til -94 var han politikonstabel i Bergen. Etter han i 1894 var elev ved telegrafskulen til jarnbanen, arbeidde han ved Statsbanene som telegrafist 1894-97, kontorist 1897-1909, og som fullmektig frå 1909. Frå 1918 til 1939 var han rekneskapsførar i Stavanger distrikt.

Løge var mykje aktiv i fråhaldsrørsla. Han var i si tid formann i Stavanger Totalavholdsforening og 1927-34 styremedlem i Det norske Totalavholdsselskap. Han var med i Avholdsfolkets Landsnemnd og i åra 1901-27 formann i Avholdsfolkets Fellesutvalg. Løge engasjerte seg også i samvirkerørsla, mellom anna var han formann i Forbruksforeningen Bikuben i periodane 1913-25 og 1927-36, samt styreformann frå 1923 i samvirkeselskapet Nordkronen. Han var medlem 1915-24 og ordførar 1924-?? i representantskapet til Norges kooperative Landsforening.

Perioden 1916-18 var Løge ordførar i Stavanger bykommune. Hausten 1924 vart han vald inn på Stortinget som den sjette av sju representantar frå dei fem kjøpstadane i Vest-Agder og Rogaland. Tingbolken 1925-27 var han så ein av dei åtte som representerte Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti. Løge var medlem i Finanskomiteen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Folk frå Hå Kategori:Norske rekneskapsførarar