Ingvald Gerhard Eilertsson Ytterstad () var ein norsk gardbrukar og fiskar frå Lødingen som representerte Nordland fylke og Frisinna Venstre på Stortinget 1925-27 og siste delen av 1929-sesjonen.

Ytterstad var son til ein gardbrukar og fiskar, og skulle kom til å fylgje faren i næringsvegen. Frå 1882 dreiv han Lofot-fiske, allereie i 1885 var han høvedsmann under Lofot- og Finnmarks-fisket. Han skulle kome til å drive fiske i 58 år, 41 av dei som notformann og notreiar. I tillegg var han frå 1906 gardbrukar på Ytterstad, då han kjøpte farsgarden.

Ytterstad var medlem av heradsstyret i Lødingen frå 1909 til 1937. Tingperioden 1925-27 møtte han på Stortinget frå Nordland og for partiet Frisinna Venstre, medlem i Lønningskomiteen. Han lukkast ikkje å sikre seg fast plass for ein ny stortingsperiode, men var varamann 1928-30. Ytterstad møtte då i 1929-sesjonen frå 8. april.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Lødingen