William «Willie» «Too Big» Hall () er ein amerikansk trommeslagar, mest kjend som medlem i Blues Brothers.
Hall byrja karrieren sin som trommeslagar i 1965, medan han framleis var på high school. Han spelte med the Bar-Kays og Isaac Hayes-bandet The Movement. I 1970-åra var han ein del av Stax-Volt Recording Section Team frå 1968 til 1977, og Hall spelte med mange store Stax-artistar, som The Emotions, Little Milton, Carla og Rufus Thomas, Johnnie Taylor, The Staple Singers, Albert King og Isaac Hayes. Hall produserte det siste albumet til Hayes på Stax, og spelte perkusjon på Hayes-albuma Hot Buttered Soul og The Isaac Hayes Movement og på «Theme from Shaft».
Hall spelte òg på albumet Universal Language med Booker T. & the MGs, og var seinare med gitaristen Steve «The Colonel» Cropper og bassisten Donald «Duck» Dunn som medlem av The Blues Brothers, som førte til at han var med i hitfilmen The Blues Brothers og oppfølgjaren Blues Brothers 2000. Han spelte seg sjølv i filmen Soul Men frå 2008.
Hall har turnert verda over og spelt med mange artistar, som The Blues Brothers, Steve Cropper, Cab Calloway, Aretha Franklin, Ray Charles, KC and the Sunshine Band, Bonnie Raitt, Earl Scruggs, Charlie Daniels Band, Todd Rundgren og Roger McGuinn, blant fleire.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Willie Hall (drummer)» frå , den 15. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikarar frå Memphis Kategori:USA-amerikanske funktrommeslagarar Kategori:USA-amerikanske trommeslagarar Kategori:USA-amerikanske bluestrommeslagarar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:The Blues Brothers-medlemmar Kategori:Booker T. & the M.G.'s-medlemmar Kategori:The Bar-Kays-medlemmar