James Alexander () er ein amerikansk soul- og R&B-musikar. Han har lenge vore medlem av bandet The Bar-Kays, der han spelar bassgitar. Han er òg far til den kjende hip-hop- og R&B-produsenten Phalon «Jazze Pha» Alexander, som han kalla opp etter bestevenen og det tidlegare medlemmet i Bar-Kays, Phalon Jones.

James Alexander var bassisten i The Bar-Kays då fire av seks bandmedlemmar, inkludert Jones, omkom i same flystyrten som tok livet av den kjende soulartisten Otis Redding. Alexander var det einaste Bar-Kays-medlemmet som ikkje var ombord på flyet, som Redding eigde, då det berre hadde plass til åtte personar. Det var Alexander sin tur til å fly kommersielt til målet deira. Alexander vart beden om å identifisere lika av bandkollegaene sine, inkludert Redding sitt.

Etter styrten arbeidde Alexander og Ben Cauley, den einaste overlevande etter flystyrten, saman vidare for å starte opp att bandet. Dei spelte mellom anna på kjenningsmelodien frå filmen Shaft frå 1971, der Alexander spelte bass. I nyare år har Alexander framleis spelt med Bar-Kays.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «James Alexander (musician)» frå , den 16. august 2016.

Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:USA-amerikanske funkbassistar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Musikarar frå Memphis Kategori:The Bar-Kays-medlemmar