The Isaac Hayes Movement er det tredje studioalbumet til den amerikanske soulmusikaren Isaac Hayes. Det kom ut i 1970 og var oppfølgjaren til Hot Buttered Soul, milepålalbumet til Hayes frå 1969. Marvell Thomas hadde kome opp med «The Isaac Hayes Movement» som namn på bandet til Hayes. Han baserte namnet på Jimi Hendrix Experience. Albumet har ein liknande struktur som Hot Buttered Soul og har berre fire lange songar, alle med sirlege, komplekse og tungt orkestrerte arrangement. Men i motsetnad til det førre albumet, er alle dei fire songane omarbeidde versjonar av andre sine songar. Desse var Jerry Butler sin «I Stand Accused», med ein nesten fem minuttar lang monolog før sjølve songen startar, og The Beatles sin «Something», med ein fiolinsolo av John Blair. Dei to andre songane er Bacharach-David-songen «I Just Don't Know What to Do with Myself» og Chalmers og Rhodes sin «One Big Unhappy Family».

The Isaac Hayes Movement kom ut i april 1970 låg i alt sju veker på toppen av Billboard Soul Albums-lista og låg inne på topp 10 til den siste veka av november det året. Albumet gjekk òg til topps på Jazz Albums-lista og låg 75 veker på Billboard 200-lista, der det nådde ein åttandeplass. Ein redigert versjon av «I Stand Accused» vart gjeve ut som singel i juli 1970 og denne nådde 23. plassen på Soul Singles-lista og 42. plassen på Pop-lista.

Stax Records gav ut The Isaac Hayes Movement på SACD-format i 2004.

Innhald

Medverkande Isaac Hayes - arrangør, klaverinstrument, vokal, produsent. The Bar-Kays - rytmeseksjon Pat Lewis - vokalarrangement Dale Warren - arrangør Henry Bush - lydteknikar Ron Capone - lydteknikar, miksing Ed Wolfrum - lydteknikar George Horn - mastering Joe Tarantino - mastering Herb Kole - kunstnarisk oversyn David Krieger - kunstnarisk leiar Joel Brodsky - fotografi

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Isaac Hayes Movement» frå , den 16. august 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Isaac Hayes-album Kategori:Stax Records-album Kategori:Album produserte av Isaac Hayes Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Plateomslag av Joel Brodsky