Neil Taylor () er ein engelsk rock- og popgitarist, mest kjend for samarbeidet med Robbie Williams og som tidlegare medlem i gruppa Tears for Fears.

Karriere Taylor byrja å spele i lokale band i ungdomen før han vart med i Neon som studiomusikar tidleg i 1980-åra. På denne tida møtte han Curt Smith og Roland Orzabal som, etter å ha starta Tears for Fears, bad Taylor om å turnere med dei og spele gitar på det andre albumet deira, Songs from the Big Chair (1985), og det tredje The Seeds of Love (1989). Taylor turnerte med bandet fleire gonger mellom 1983 og 1990 og er med i konsertvideoane deira In My Mind's Eye (1984) og Going to California (1990). I 1990-åra spelte han med fleire andre artistar, før han vart fast medlem i bandet til Robbie Williams i 2003.He is now Back Touring with Chris de Burgh 2003 band lineup at RobbieWilliams.com2006 band lineup at RobbieWilliams.com

I 2011 gav Taylor ut det første soloalbumet sitt, No Self Control,Silvermusic.tv. I april 2012 kom det andre albumet, Chasing Butterflies.

Diskografi Tears for Fears - Songs from the Big Chair (1985)Tears for Fears discography at discogs.com Red Box - The Circle & The Square (1986) Climie Fisher - Everything (1987) Jane Wiedlin - Fur (1988) Holly Johnson - Blast (1989) Tina Turner - Foreign Affair (1989) Morrissey - The Last of the Famous International Playboys (1989) Tears for Fears - The Seeds of Love (1989) Easterhouse - Waiting for the Redbird (1989) Propaganda - 1234 (1990) Tina Turner - Simply the Best (1991) Howard Jones - In the Running (1992) Simon Climie - Soul Inspiration (1992) The Beloved - Conscience (1993) Wendy James - Now Ain't the Time for Your Tears (1993) Chris de Burgh - This Way Up (1994) Heather Nova - Siren (1998) Robbie Williams - Sing When You're Winning (2000) Natalie Imbruglia - White Lilies Island (2001) Naked Eyes - Everything and More (2001) Nick Carter - «Help Me» (2002) Robbie Williams - Escapology (2003) Brian McFadden - «Real to Me» (2004) Natalie Imbruglia - Counting Down the Days (2005) Robbie Williams - Intensive Care (2005) James Morrison - Undiscovered (2006) Robbie Williams - Rudebox (2006) Neil Taylor - No Self Control (2011) Neil Taylor - Chasing Butterflies (2012) Neil Taylor - No God Like Rock 'n' Roll (2013) Neil Taylor - Silverwing (2015)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Neil Taylor (guitarist)» frå , den 14. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Facebook-side

Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Musikarar frå Bristol