mini|Reutte sett frå fjellet Thaneller Reutte er ein landsbykommune i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen, som er hovudstad distriktet Reutte, dekker eit areal på 101 km² med om lag 6 500 ibuarar i 2016. Kommunen omfattar til saman sju landsbyar og grender. Kommunesenteret i Reutte ligg 853 meter over havet. I nord har kommunen felles grense med delstaten Bayern i Tyskland.

Omframt arbeidsplassar i det offentlege, er folk sysselsett i metall- og tekstilindustri, skog- og jordbruk, og med elektrisitetsforsyning.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Reutte» frå , den 14. mai 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Tirol