Edgar Holland Winter () er ein USA-amerikansk rock- og bluesmusikar. Han er kjend som ein multi-instrumentalist og spelar klaverinstrument, gitar, saksofon og perkusjon - i tillegg til å syngje. Han hadde suksess i 1970-åra med bandet sitt, The Edgar Winter Group, og populære songar som «Frankenstein» og «Free Ride».
Biografi
Han voks opp i Beaumont i Texas og er den yngre broren til gitaristen Johnny Winter. på Allmusic] Dei to brørne byrja å spele i lag i tenåra, og spelte på lokale pubar, før dei var gamle nok til å kome inn. Blant dei tidlege banda deira var Johnny and the Jammers, the Crystaliers og the Black Plague. På vidaregåande byrja Edgar òg å spele saksofon, og før han var 20 kunne han alt spele klaverinstrument, gitar, bass og trommer.
Edgar fekk platekontrakt med Epic Records i 1970 etter å ha spelt på albumet til broren, Second Winter. Han spelte inn Entrance, der han sjølv spelte dei fleste instrumenta. Han akkompagnerte broren på Johnny Winter And og danna så eit stort blåseensemble kalla White Trash, men gruppa vart oppløyst alt i 1972. Winter samla saman ei ny gruppe og spelte inn to album for Epic Records, White Trash og Roadwork. Singelen hans «Keep Playing That Rock 'n' Roll» nådde 70. plassen på den amerikanske rockelista og albumet Roadwork klatra til 23. plassen på albumlista. Sommaren 1972 danna han the Edgar Winter Group. I januar 1973 gav dei ut They Only Come Out at Night, produsert av gitaristen Rick Derringer, og albumet nådde tredjeplassen på albumlista i USA. Dette albumet inneheld den mest kjende songen til Winter, «Frankestein», som nådde tredjeplassen på singellista i USA i mai 1973. Seinare det året nådde «Free Ride» frå same albumet 14. plassen. Sjølv om han aldri oppnådde like stor suksess igjen, har Winter halde fram å turnere og spele inn plater. Han flytta frå New York City til Beverly Hills i 1989 for å lage filmmusikk, noko han hadde noko suksess med, mellom anna ein noko omarbeidd versjon av «Frankenstein» for filmen Wayne's World II.
Sjølv om dei tidlege 70-tals albuma hans som Entrance, White Trash, They Only Come Out at Night og Shock Treatment er meir bluesprega enn dei seinare albuma hans, er det bluessongar som «Big City Woman» på albuma hans frå 1990-åra, som Not a Kid Anymore (1994) og Winter Blues (1999).
Diskografi
År TittelUS Top 200 1970 Entrance 196 1971 Edgar Winter's White Trash 111 1972 Roadwork 23 They Only Come Out at Night 3 1974 Shock Treatment 13 1975 Jasmine Nightdreams 69 The Edgar Winter Group with Rick Derringer 124 1976 Together 89 1977 Recycled – 1979 The Edgar Winter Album – 1981 Standing on Rock – 1986 Mission Earth – 1994 Not a Kid Anymore – 1996 The Real Deal – 1990 Live in Japan – 1999 Winter Blues – 2002 Edgar Winter – The Best Of – 2004 Jazzin' the Blues – 2008 Rebel Road –
Singlar År TittelUS Hot 100UK Singles 1971 «Keep Playin' That Rock 'n' Roll» 70 – 1972 «I Can't Turn You Loose» 81 – 1973 «Frankenstein» 1 18 «Free Ride» 14 – «Hangin' Around» 65 – «We All Had a Real Good Time» – – 1974 «River's Risin'» 33 – «Easy Street» 83 – «Someone Take My Heart Away» – – 1975 «People Music» – – 1976 «Diamond Eyes» – – 1979 «Above & Beyond» – – «It's Your Life to Live» – – 1981 «Love Is Everywhere» – –
Produsent Open Fire av Ronnie Montrose – (1978) produsent, piano, cembalo Crazy from the Heat (1985) (David Lee Roth)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Edgar Winter» frå , den 14. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Edgar Winter Edgar Winter på IMDb
Kategori:Folk med albinisme Kategori:USA-amerikanske rockeartistar Kategori:Folk frå Beaumont i Texas Kategori:USA-amerikanske scientologar Kategori:Musikarar frå Texas Kategori:USA-amerikanske rockesaksofonistar Kategori:USA-amerikanske bluessongarar Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar Kategori:USA-amerikanske bluespianistar Kategori:Ringo Starr & His All-Starr Band-medlemmar