Distriktet Ammókhostos er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg aust på øya Kypros og har eit areal på 1 979 kvadratkilometer.
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har størstedelen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, fordelt på distrikta Gazimağusa og İskele, utanom landsbyen Afánia, som er overført til distriktet Lefkoşa.
Folketal Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna): År Folketal Kjelde 1901 48 508 1921 63 755 1931 71 472 1946 94 474 1960 114 309 1973 123 856 1976 23 359 1982 25 659 1992 30 798 2001 37 738 2011 46 629 2021 54 318
Administrasjon Distriktsadministrasjonen i eksil i byen Lárnaka representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Andréas Ktorídis.
Kommunar og busetnader Distriktet har åtte kommunar, av desse ligg fire i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Dei kommunane som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes): Paralímni (10 037) Derýnia (6 229) Sotíra (5 905) Ajía Nápa (4 716)
Kommunane som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes): Ammókhostos (Gazimağusa) (40 920) Lýsi (Akdoğan) (2 471) Akanthoú (Tatlısu) (1 459) Levkóniko (Geçitkale) (1 253)
Utanom kommunane har Ammókhostos 80 registrerte busetnader, av desse ligg alle utanom fem heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Dei busetnadene som er heilt under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes): Avgórou (4 925) Liopétri (4 908) Frénaros (4 515) Ákhna (2 182)
Ein busetnad har innbyggjarar på båe sider: Akherítou (Güvercinlik) (Republikken Kypros 1 901 (2021), Nord-Kypros 911 (2011))
Dei største busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Ammokhostos