Distriktet Kerýnia er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg på nordsida av øya Kypros og har eit areal på 640 kvadratkilometer.

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har heile distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som distriktet Girne.

Folketal Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1996 er det tal frå folketeljingar i Nord-Kypros): År Folketal Kjelde 1901 16 808 1921 21 615 1931 22 659 1946 28 174 1960 30 946 1973 32 586 1996 35 943 2006 57 902 2011 69 163

Administrasjon Distriktsadministrasjonen i eksil i byen Levkosía (Nikosia) representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Andréas Louká.

Kommunar og busetnader Distriktet har tre kommunar som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros (innbyggjartal 2011 i parentes): Kerýnia (Girne) (21 319) Lápithos (Lapta) (5 748) Karavás (Alsancak) (5 595)

Utanom kommunane har Kerýnia 44 registrerte busetnader som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Dei største er (innbyggjartal 2011 i parentes):

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kerynia