Terje Ness () er ein prislønna norsk kokk frå i Førde. Han er best kjend for sigeren i Bocuse d'Or i 1999 og som kokk for REMA 1000.Terje Ness, Bocuse d’or 1999 frå Sagaen om Bocuse d'Or.Terje Ness i Store norske leksikon.
Virke Mor hans var diettkokk på sjukehuset i Førde. Ness gjekk i læra ved Sunnfjord Hotell 1987, fekk fagbrev 21 år gamal i 1989, var hjå Frode Aga ved Hallingstuene på Geilo og han var også i Hemsedal og Stavanger. Deretter arbeidde han hjå Eyvind Hellstrøm på Bagatelle frå 1994 til 2000, der han i 1997 vart kjøkkensjef. I eit eige arrangement vart han Årets kokk i 1997, noko som bringa han til Bocuse d'Or i 1999 som han då vann.
Ness gjekk i 2000 over til kjøkkenet ved Oro i Tordenskiolds gate saman med Björn Svensson, Sven Erik Renaa og Lise Finckenhagen. Oro, som betyr gull, fekk ei stjerne i Michelinguiden i 2001. Etter å ha vorten ueinig med eigarane Bengt Wilson og Lars Erik Underthun forlet han Oro i 2004 og starta i 2005 Haga restaurant på Haga Golfpark. Haga Restaurant fekk det påfølgande året ei stjerne i Michelinguiden. I 2009 erverva han seg Oro på nytt. Med mål om to stjerner etablerte han og den norske østerskokken Rune Mogens Pal (fødd 1968) frå 2011 Ondo mezzanine på Aker Brygge.Klar for å bruke minst 12 000 kroner på middag? i Dagens Næringsliv sitt magasin D2.Norges dyreste restaurant fikk ingen Michelin-stjerne i Dagbladet den 14. mars 2012. Med Pal dreiv han frå 2010 spisestaden Alfred på Aker Brygge i tilknyting til Nobels fredssenter til minne om Alfred Nobel, nedlagt i 2014.Alfred har stengt dørene i Oslo By Samarbeidet med Pal (som også innebar brasseriet Blanche) vart avsluttat våren 2013, noko som førte til at Ness berre fortsette som eigar og drivar av Oro.Stjernekokker skiller lag i Oslo By den 12. mars 2013 Staden vart reopna etter dårlege tider i 2015 med Eyvind Hellstrøm på kjøkkenet.Anders Kemp, Tilbake med et smell i Dagens Næringsliv den 11. august 2015.
I 2012 vart han kokk for REMA 1000.Terje Næss hos REMA 1000. Same året begynte han også på eit samarbeid med det svenske Elektrolux (grunnlagt 1910) som lagar steikeomnar.Bocuse d’Or winner Terje Ness opens top restaurant in Norway frå Elektrolux.
Utmerkingar Norgesmesterskapet i kokkekunst. Ingen medaljar, men deltaker først i 1995 med Charles Tjessem frå Bagatelle Norges kokkelandslag 1997-2000, bronse i Kokke-OL 2000 Bocuse d'Or: Siger i 1999 Årets kjøkkensjef 1999 for sitt virke hjå Bagatelle Fylkeskulturprisen 2000 i Sogn og Fjordane. Michelinguiden Stjerne 12. mars 2001 for Oro Stjerne 2006 for Haga Restaurant
Kjelder Om Terje Ness i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Wikipedia på bokmål Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske kokkar Kategori:Norske matskribentar Kategori:Folk frå Førde