Distriktet Lárnaka er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg på den søraustlege delen av øya Kypros og har eit areal på 1 129 kvadratkilometer.
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har litt av den nordlege delen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Det gjeld dei tre landsbyane Ársos, Meloúsia og Tremetousiá i distriktet Lefkoşa og landsbyen Pérgamos i distriktet Gazimağusa. Dei tre landsbyane Athiénou, Pýla og Troúlli ligg i FNs buffersone på Kypros.
Dei to landsbyane Ormídia og Xylotýmvou, som høyrer til distriktet, ligg som enklavar innanfor det britiske baseområdet Dekélia.
Folketal Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna): År Folketal Kjelde 1901 26 073 1921 34 918 1931 42 208 1946 52 189 1960 58 619 1973 60 714 1976 79 008 1982 84 496 1992 100 242 2001 115 268 2011 143 192 2021 155 765
Administrasjon Distriktsadministrasjonen i byen Lárnaka representerer den kypriotiske staten i distriktet. Leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Oddyséas Hadzistefánou.
Kommunar og busetnader Distriktet har desse kommunane (innbyggjartal 2021 i parentes): Lárnaka (52 046) Aradíppou (22 932) Livádia (8 581) Dromolaxiá-Meneoú (6 838) Athiénou (5 202) Lévkara (870)
Utanom kommunane har Lárnaka 52 registrerte busetnader, av desse ligg tre heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Dei største av dei busetnadene som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes):
Busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes): Meloúsia (Kırıkkale) (390) Ársos (Yiğitler) (327) Tremetousiá (Erdemli) (169)
Ein busetnad har innbyggjarar på båe sider: Pérgamos (Beyarmudu) (Republikken Kypros 207 (2021), Nord-Kypros 1 196 (2011))
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Larnaka