Anna Cathinka Lind () var ein norsk kunstvevar frå Vik i Sogn, busett i Jølster i Sunnfjord.
Cathinka Aal var dotter til ein doktor. Ho gifta seg med Andreas Lind, lensmann i Jølster i 49 år frå 1870 til 1919. I Jølster tok Cathinka Lind opp att den gamle teknikken med teppeveving og fekk sett opp ei vevstove. Dette førte til at veving som heimeyrke fekk mykje å seie i Jølster. Vevar frå verkstaden hennar vart spreidd både innanlands og til utlandet.
Ho vart utnemnd til heidersmedlem i Norsk Husflidslag i 1926.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
Kategori:Folk frå Jølster Kategori:Norske tekstilkunstnarar