Ola Torsteinsson Lyngstad () var ein norsk landbruksbyråkrat og politikar frå Øystre Slidre. Han var «ein dugande skipingsmann og gjæv vegbrøytar for alt han arb[eidde] for»Norsk Allkunnebok VIII:298 og som representerte Oppland og partiet Venstre på Stortinget i perioden 1945-49.
Liv og gjerning Lyngstad gjekk Valdres folkehøgskule vinteren 1911/12, fylkesslandbruksskulen på Storhove 1912-14 og Statens Småbrukslærarskule 1917/18. Han var så eitt år småbrukslærar, deretter var han tilsett i Norsk Bonde- og Småbrukarlag fram til 1924. 1921-22 redigerte han jordbrukstidsskriftet Vort Land og 1922-25 lagsbladet Småbrukaren. Åra 1924-27 var han gardbrukar i heimbygda. Frå 1927 til -52 var han fylkesagronom i Oppland.
Lyngstad skipa i 1924 Landslaget for Telemarks-geit, eit lag han var formann i fram til 1946, då laget gjekk inn i Norsk sau- og geitalslag, med Lyngstad som formann til 1952.
I 1936 tok han over som fylkesformann i Radikale Folkeparti. Fredssommaren 1945 gjekk Radikale Folkeparti i samarbeid med Venstre, og Lyngstad vart vald til stortingsrepresentant for Venstre hausten 1945. På Tinget var han nestformann i Skog- og vassdragskomiteen. Ved stortingsvalet i 1949 lukkast han ikkje å verte attvald.
Kjelder
Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958 Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Folk frå Øystre Slidre