Greatest Hits, Volume II er eit samlealbum til det amerikanske rockebandet Chicago, og det femtande i alt, gjeve ut i 1981.
Bakgrunn Etter Chicago XIV i 1980, droppa Columbia Records Chicago frå avtalen sin og avslutta den lukrative kontrakten bandet nyleg hadde signert. Bandet hadde byrja å arbeide med David Foster og var i prosessen med å byggje ein ny identitet, men Columbia måtte i følgje kontrakten gje ut eit album til. Selskapet ønskte derfor å følgje opp den særs suksessrike første samleplata frå 1975, Chicago IX - Chicago's Greatest Hits.
Det kom ut i november 1981 og inneheldt i hovudsak songar frå Chicago VIII til Hot Streets i 1978. Etter den tid slutta hittane å kome. Det kom ut like før Chicago uventa fekk liv att i karrieren sin med Chicago 16, og nådde berre 171. plassen i USA.
Som føregangaren har Greatest Hits, Volume II sidan blitt overteken av The Very Best of: Only the Beginning frå 2002 og er ikkje lenger i sal.
Innhald
Medverkande Peter Cetera - elektrisk bass, akustisk gitar, solo- & korvokal Terry Kath - akustisk gitar, elektrisk gitar, solo- & korvokal Robert Lamm - piano, klaverinstrument, perkusjon, solo- & korvokal Lee Loughnane - trompet, flygelhorn, kornett, gitar, perkusjon, korvokal James Pankow - trombone, perkusjon, korvokal Walter Parazaider - saksofon, fløyte, klarinett Danny Seraphine - trommer, perkusjon Laudir DeOliveira - perkusjon Donnie Dacus - akustisk gitar, elektrisk gitar, korvokal
Lister Album - Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1981Pop Album171
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Greatest Hits, Volume II (Chicago album)» frå , den 29. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum frå 1981 Kategori:Album produserte av James William Guercio Kategori:Album produserte av Phil Ramone Kategori:Chicago-album Kategori:Columbia Records-album