Chicago 16 er det 13. studioalbumet til det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut den 7. juni 1982. Det var det første albumet deira for det nye selskapet Warner Bros. Records og det førte produsert av David Foster. Det var òg det første hitalbumet deira sidan Hot Streets i 1978 og det første albumet sidan Chicago V (1972) utan Laudir de Oliveira på perkusjon.
Bakgrunn Bandet henta inn Sons of Champlin-medlemmen Bill Champlin på klaverinstrument og songar, for å fylle vokalskoa til den avdøde Terry Kath. Gruppa heldt òg på gitaristen Chris Pinnick frå innspelinga av Chicago XIV. Manageren til bandet, Jeff Wald, og etter forslag frå Danny Seraphine, tok produsenten David Foster kontakt med bandet. Då dei gjekk med på at Foster skulle produserte albumet (bandet hadde vurdert han i 1980 for Chicago XIV), endra Foster radikalt stilen til Chicago for 1980-åra, med den nyaste teknologien og teknikkane og henta inn fleire låtskrivarar utafrå i tillegg til studiomusikarar. Tre medlemmar frå Toto spelte på innspelingane.
Softrock-stilen til Peter Cetera og David Foster gjennomsyrer mykje av Chicago 16. Bandet flytta til eit nytt selskap etter ein heil karriere på Columbia. Robert Lamm var heller ikkje tilgjengeleg for det meste av innspelinga av albumet av personlege årsaker, og Lamm som tidlegare hadde skrive mange songar for bandet, var berre med på ein enkel song. Perkusjonisten Laudir de Oliveira slutta i bandet etter Chicago XIV-turneen, sidan den latinske perkusjonen hans ikkje passa med den nye retninga til bandet.
Då det kom ut i juni 1982 vart Chicago 16 eit hit-album, særleg sidan «Hard to Say I'm Sorry» vart den andre singelen deira som nådde toppen av den amerikanske singellista. Albumet selde etter kvart til platina og nådde niandeplassen. Singelen var òg i den lengre forma «Hard to Say I'm Sorry/Get Away» med på filmmusikkalbumet «Summer Lovers». «Love Me Tomorrow», den andre singelen på albumet, hadde ein lengre orkesterseksjon mot slutten. Ein tredje singel, «What You're Missing», kom òg ut, men selde dårleg.
Rhino sin remaster av albumet har ikkje med den fulle versjonen av «What You're Missing» og «Love Me Tomorrow». Den førstnemnde vart erstatta med singelversjonen og den sistnemnde var utan ein del mot slutten. Likevel var ein Bill Champlin-demo, kalla «Daddy's Favorite Fool», med som bonusspor.
Den original britiske LP-versjonen hadde med «Rescue You» før «What Can I Say», i motsetnad til andre utgåver av albumet.
Innhald
Medverkande Chicago Peter Cetera – bass, akustisk gitar på «Hard To Say I'm Sorry», solo- & korvokal, BGV-arrangement, rytmearrangement Bill Champlin – klaverinstrument, gitar, solo- & korvokal, BGV-arrangement Robert Lamm – klaverinstrument, korvokal Lee Loughnane – trompet, flygelhorn, pikkolotrompet, korvokal James Pankow – trombone, blåsearrangement Walter Parazaider – treblåseinstrument Danny Seraphine – trommer, rytmearrangement Andre medverkande David Foster – klaverinstrument, rytmearrangement, blåsearrangement Chris Pinnick – gitar Steve Lukather – gitar Michael Landau – gitar David Paich – synthesizer Steve Porcaro – synthesizerprogrammering Jeremy Lubbock, Peter Cetera & David Foster – strykearrangement på «Hard To Say I'm Sorry» & «Love Me Tomorrow» Gerard Vinci – konsertmeister Dave Richardson – tekstassistanse på «What Can I Say»
Produksjon Produsert av David Foster Lydteknikar og miksa av Humberto Gatica «Hard To Say I'm Sorry/Get Away» miksa av Bill Schnee Mikseassistent: Walter Parazaider, Lee Loughnane & Jack Goudie Andre teknikarar – Chip Strader, Britt Bacon, Don Levy, Bobby Gerber, Phil Jamtaas, Ernie Sheesely, Jeff Borgeson, Steve Cohen & David Schober Fotografi av Aaron Rapoport Plateomslag av Kosh & Ron Larson
Lister
Album Liste (1982)PlasseringAusterrike19Canada17Nederland33Tyskland11New Zealand24UK Album Chart44US Billboard 2009
Singlar ÅrSingleListePlassering1982"Hard to Say I'm Sorry"US Billboard Hot 1001US Adult Contemporary1UK Singles Chart41982Love Me TomorrowUS Billboard Hot 10022US Adult Contemporary81983What You're MissingUS Billboard Hot 10081
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chicago 16» frå , den 29. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Chicago-album Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Album produserte av David Foster Kategori:Warner Bros. Records-album