David Walter Foster () er ein kanadisk musikar, plateprodusent, komponist, låtskrivar og arrangør. Han har vore produsent for mange kjende artistar som Christina Aguilera, Andrea Bocelli, Toni Braxton, Michael Bublé, Chicago, Natalie Cole, The Corrs, Céline Dion, Jackie Evancho, Kenny G, Josh Groban, Whitney Houston, Jennifer Lopez, Seal, Rod Stewart, Madonna, Barbra Streisand og Westlife. Foster har vunne 16 Grammy-prisar frå 47 nominasjonar. Foster er òg styreleiar i Verve Music Group.. I 1980-, 1990- og tidleg i 2000-åra var han av dei mest suksessrike produsentane og låtskrivarane i popmusikken.Biografi på allmusic.com
Biografi
Foster byrja å spele piano då han var fem år og gjekk på musikklinja på University of Washington åtte år seinare. Han vart med i bandet til Chuck Berry då han var 16 år gammal og flytta til Los Angeles i 1971 med gruppa si Skylark. Med dei fekk han ein stor hitt året etter med singelen «Wildflower». Foster vart ein ettersøkt klaverspelar og spelte på innspelingar med superstjerner som John Lennon, Barbra Streisand, Diana Ross og Rod Stewart.
Foster byrja produksjonskarrieren sin i 1976 med debutalbumet til gruppa si Attitudes. Han byrja etter kort tid å produsere musikk for andre, og skreiv låtar og produserte for Hall & Oates, Deniece Williams, Carole Bayer Sager, Boz Scaggs og the Average White Band. I 1979 fekk han den første Grammy-prisen sin for å ha skrive Earth, Wind and Fire sin «After the Love Has Gone». Frå den tid eksploderte karrieren til Foster, og han skreiv låtar og produserte for artistar som Kenny Rogers, the Tubes og Kenny Loggins. I 1982 vann han ein ny Grammy for å ha produsert albumet til musikalen Dreamgirls. Han skreiv òg produserte òg Chicago-hitten «Hard to Say I'm Sorry», og følgde opp med Lionel Richie sin Can't Slow Down i 1982. Med Chicago 17 i 1984, fekk Foster den største suksessen sin så langt, med den store hitsingelen «Hard Habit to Break», som han vann Grammy-prisen for årets produsent for.
Eit år seinare skreiv og produserte han John Parr sin «St. Elmo's Fire (Man in Motion)», og i 1986 samarbeidde han igjen med Chicago på Chicago 18 med hitten «Will You Still Love Me». I tillegg samarbeidde han med songaren i gruppa, Peter Cetera, som han skreiv «The Glory of Love» for. No var Foster vorte den blant dei mest suksessrike popprodusentane. Sjølv om musikkritikarane ofte slakta musikken hans, selde arbeidet hans særs godt og han har hatt dusinvis av hittar inne på topp 40 i USA. Han var ganske roleg mot slutten av 1980-åra og arbeidde mellom anna med Neil Diamond på The Best Years of Our Lives og fleire filmprosjekt. I 1990 byrja Foster eit samarbeid med Celine Dion og hitten «Have a Heart». Eit år seinare arbeidde han med Natalie Cole for megahitten Unforgettable og vann tre Grammyar med årets singel, årets album og årets produsent.
I 1992 samarbeidde Foster med Whitney Houston på det særs populære filmmusikkalbumet The Bodyguard, som gav han nok ein Grammy for årets album, i tillegg til den store hitsingelen «I Will Always Love You», som vann prisen for årets singel og årets produsent. I tillegg vann han ein pris for årets arrangør med «When I Fall in Love», kjenningsmelodien til Sleepless in Seattle, framført av Celine Dion og Clive Griffin. For Dion produserte han så The Colour of My Love i 1993 med hitsingelen «The Power of Love», og eit år seinare produserte han All-4-One sin «I Swear». Med Falling Into You for Dion i 1996 vann Foster igjen Grammy-prisen fro årets album og «Because You Loved Me» vart nominert til årets singel. Ein stor hit han arbeidde på det året var òg Toni Braxton sin «Un-Break My Heart».
David Foster var med på å lansere karrieren til to mannlege songarar i 2000-åra: Josh Groban og Michael Bublé. Samstundes med alt studioarbeidet, har han gjeve ut eigne ting òg, og har gjeve ut over ti album sidan tidleg i 1980-åra.
Diskografi
+Gruppediskografi År Album Artist 1972 Skylark Skylark1974 2 Skylark1976 Attitudes Attitudes1977 Good News Attitudes1980 Airplay Airplay1983 The Best of Me solo1986 David Foster solo1988 The Symphony Sessions solo1989 Time Passing solo1990 River of Love solo1991 Rechordings solo1993 The Christmas Album solo1994 Love Lights The World solo2008 Hit Man: David Foster & Friends solo2011 Hit Man Returns: David Foster & Friends solo
Singlar
1985: «Love Theme From St. Elmo's Fire (For Just a Moment)» (US #15, #7 CAN) 1986: «The Best of Me» (duett med Olivia Newton-John) (US #80, #17 CAN) 1988: «Winter Games (Can't You Feel It)» – offisiell kjenningsmelodi for vinter-OL 1988 i Calgary (US #85, #21 CAN) 2001: O Canada (med Lara Fabian) (#3 CAN)
Samlealbum
1992: A Touch of David Foster 2000: The Best of Me: A Collection of David Foster’s Greatest Works 2002: Love Stories 2010: The Magic of David Foster & Friends 2012: The Best of Celine Dion & David Foster«Sony Music Releases 'The Best Of Celine Dion And David Foster'", music.broadwayworld.com, 25. oktober 2012
Kjelder Denne artikkelen bygger på «David Foster» frå , den 29. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Canadian Music Hall of Fame Kategori:Kanadiske plateprodusentar Kategori:Kanadiske låtskrivarar Kategori:Kanadiske klaverspelarar Kategori:Kanadiske filmmusikkomponistar Kategori:Emmy-vinnarar Kategori:Royal Conservatory of Music Kategori:Golden Globe-vinnarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Juno-vinnarar Kategori:Order of British Columbia Kategori:Musikarar frå British Columbia Kategori:Order of Canada