Kfar Vitkin (hebraisk skrift כְּפַר וִיתְקִין, tyder 'Vitkinlandsbyen') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune og var den første jødiske busetnaden i dalen. I 2007 var folketalet 1 700.

Samfunnet vart grunnlagd i 1930 av ei gruppe på 20 menneske, og heldt i starten til i eit gammalt steinhus. Moshaven vart flytta til den endelege plasseringa i 1933, då grunnleggjarane flytta inn i nye bygningar, og vart kalla opp etter Yosef Vitkin, ein lærar og leiar i Arbeidarrørsla. Det første huset vart kalla «Beit HaRishonim» (Huset til dei første). Moshaven dekkjer 150 private gardar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kfar Vitkin» frå , den 15. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1933 Kategori:1933 i Palestina Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel