Misgav Am (hebraisk skrift , tyder 'Folkefestninga') er ein kibbutz i Øvre Galilea nord i Israel. Han ligg nær grensa til Libanon og byen Kiryat Shmona, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune.
Misgav Am ligg 840 meter over havet og i eine dalsida til Huladalen med den libanesiske landsbyen El Adisseh på andre sida.
mini|venstre|Idrettsanlegg mini|venstre|Nytt strøk
Historie Misgav Am vart grunnlagd i 1945. Ein av grunnleggjarane var dr. Reuven Moskovitz. Han var fødd i 1928 i Romania, overlevde Holocaust og immigrerte til Israel. Han skipa fleire organisasjonar, mellom anna Neve Shalom, der han budde sidan 1972.
Den 7. april 1980, trengde fem terroristar frå den irakisk støtta Arabisk frigjeringsfront Misgav Am om natta og gjekk inn på ein barneheim. Dei tok livet av sekretæren i kibbutzen og ein liten gut. Dei heldt resten av barna som gislar, og kravde at 50 terroristar skulle sleppast fri frå israelske fengsel. Israelske infanteristar raida landsbyen og etter to forsøk var alle terroristane døde. To kibbutzmedlemmar og ein soldat vart drepen, medan fire barn og 11 soldatar vart skadde.Israel American Jewish Yearbook, 1982
Like etter åtaket gjekk israelske soldatar inn i Sør-Libanon for å fjerne terroristane som heldt til der og legge ytterlegare press på palestinske terroristar i Libanon. Israel trekte seg ut etter fem dagar etter kraftig politisk press frå USA.
Under den andre Libanonkrigen i 2006, var fleire tusen israelske soldatar i stilling nær Misgav Am.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Misgav Am» frå , den 30. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Sion Texo Medic Ltd.
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1945 Kategori:1945 i Palestina Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel