Sasa (hebraisk skrift ) er ein kibbutz i Øvre Galilea nord i Israel. Han ligg kring 1,5 km frå grensa til Libanon, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune.
Historie Kibbutzen vart grunnlagd i januar 1949 av ein gar'in nordamerikanske Hashomer Hatzair-medlemmar på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Sa'sa'.Khalidi, Walid (1992). All That Remains: The palestinske Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies. p. 495 Sa'sa' vart øydelagd av israelske brigadar den 30. oktober 1948. Sa'sa' overgav seg utan motstand og det kom seinare påståandar om israelske hardferder etter overgjevinga.Operation Hiram Mange av dei opphavlege innbyggjarane i Sa'sa bur i dag i Nahr al-Bared, ein palestinsk flyktningleir i Libanon,Ilan Pappé, "The Ethnic Cleansing of Palestine", page 183, medan andre har busett seg i den nærliggande Jish.
På området til kibbutzen skal den påståtte grava til rabbien Levi ben Sisi ligge, som i røynda døydde langt borte i Babylon på første halvdelen av 200-talet.Pictures of Tzaddikim's graves in Eretz Yisrael Yeshivat Tikun HaMidot
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sasa, Israel» frå , den 30. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel